JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Trioen har utvikla ein meir mangslungen bandsound.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1642
20170407
1642
20170407

JAZZ

Bogue Chitto:

Reds Lounge

Marius Hirth Klovning og Haldor Røyne (5,8) gitar; Mattis Kleppen, bass; Are Rosselund, trommer.
JUST FOR THE RECORDS Jfr729

Dette er trioen som tidlegare var kjent under det litt tungvinte namnet Rosseklovnkleppen. No har dei henta namn på bandet frå ein småby i Mississippi, og platetittelen er kalla opp etter ein godt sliten bluesklubb i Clarkesdale, tre timar med bil nordvest for Bogue Chitto.

Det kan høyrast på musikken også. Medan debutplata Nett ein liten joggetur var sterkt inspirert av vestafrikansk musikk og ørkenblues, finn ein no i tillegg sørstatspåverknad, men i ei meir moderne og samansett form. I tillegg er påverknaden frå norsk folkemusikk tydlegare. Her har vel Mattis Kleppen gjort sitt?

Det mest markante endringa ligg likevel i arrangementa og bandsounden. Uttrykket er både blitt meir omarbeidd og variert, men også i mange tilfelle røffare. Bandet brukar studioet effektivt, og dei er ikkje redde for å pøsa på med romklang. Lyden blir likevel aldri sjenerande sølete. Debutplata hadde ein handfull fengande riff og melodisnuttar. Det er ikkje borte på denne plata, men dei greier å gje kvar einskild låt særpreg. Kleppen spelar på eit breitt register. Til tider, mellom anna i «Mellomspel», høyrest bassen ut som ein kora. Rosselund varierer heile tida mellom det stramme og det lause, når han skal halda att, og når han skal pøsa på.

Dette er først og fremst ein triumf for kollektivet – ei plate det er vanskeleg å la vera å dansa til.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast jazz-
meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis