Profetisk tittel
Ein sjenerøs Bieber tilbyd seg å vere boksesekk.
Pop
Justin Bieber:
Changes
Def Jam / RBMG
Den kanadiske musikkartisten Justin Drew Bieber er ute med sitt femte studioalbum sidan han blei oppdaga som 13-åring i 2008. Den nye plata heiter Changes, «endringar», noko vi har sett mykje av i det siste.
Albumet er inspirert av R&B og trap, ein hardbarka avart av hiphop, og i låta Take It Out On Me syng Bieber at lyttaren kan bruke han som emosjonell boksesekk. Sjenerøst, for det er det kanskje mange av oss som treng i denne tida. Vi driv med sosial (det vil seie fysisk) distansering, og parallelt med koronakrisa kom kronekrisa. I Canada, Biebers heimland, går det føre seg eit folkemord på urfolk, og det oljeindustrikorrumperte statsapparatet sine angrep på områda til Wet’suwet’en-folket får endå mindre mediemerksemd enn før pandemien. Samstundes blir avlingar i Aust-Afrika øydelagde av grashoppesvermar.
Det er noko bibelsk over det heile, som om krefter større enn oss sjølve prøver å fortelje at det menneskelege samfunnet må gjere djupe og varige endringar i måten det verkar på. At den frie marknadsøkonomien er skjør og destruktiv, og at det er nettopp den giftige, grådigskapslønande ideologien kalla kapitalisme som vi her har ein unik sjanse til å avvikle for å stogge dei katastrofale klimaendringane (og i same slengen få bukt med fattigdom og ulikskap).
Få skulle vel tru at eit hyperkommersielt Bieber-album kunne kjennast så aktuelt, men diverre er musikken keisam. Dersom du vil høyre på god, hardbarka hiphop-musikk, kan Zebra Katz’ Less Is Moor tilrådast i staden. Å få meir ut av mindre er eit godt råd, nett no og for framtida.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, trommeslagar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen