Satirisk operette
Den tyske komponisten Kurt Weill (1900–1950).
Foto: Bundesarchiv
CD
Kurt Weill, Marcus Paus, Charles Ives:
Portraying Passion
Tora Augestad, mezzosopran; Oslo Filharmoniske Orkester; dir.: Joshua Weilerstein og Christian Eggen. LAWO 2018
Songstilen til mezzosopranen Tora Augestad frå Bergen passar perfekt til Kurt Weills musikk, som er ei blanding av klassisk operette og kabaret. Weill er kan hende mest kjend for samarbeidet med forfattaren Bertolt Brecht – denne kombinasjonen finn me òg i denne innspelte satiriske balletten Die Sieben Todessünden (Dei sju dødssyndene), som Brecht skreiv librettoen til. Stykket blei til i det historiske lagnadsåret 1933, då jøden Weill flykta hals over hovud frå Tyskland til Paris, der balletten blei urframført. Ved sida av Augestad imponerer solistkvartetten av mannsrøyster, som i femtesatsen «Völlerei» («Fråssing») får til ein mest renessanseaktig flyt.
Sjur Haga Bringeland
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
CD
Kurt Weill, Marcus Paus, Charles Ives:
Portraying Passion
Tora Augestad, mezzosopran; Oslo Filharmoniske Orkester; dir.: Joshua Weilerstein og Christian Eggen. LAWO 2018
Songstilen til mezzosopranen Tora Augestad frå Bergen passar perfekt til Kurt Weills musikk, som er ei blanding av klassisk operette og kabaret. Weill er kan hende mest kjend for samarbeidet med forfattaren Bertolt Brecht – denne kombinasjonen finn me òg i denne innspelte satiriske balletten Die Sieben Todessünden (Dei sju dødssyndene), som Brecht skreiv librettoen til. Stykket blei til i det historiske lagnadsåret 1933, då jøden Weill flykta hals over hovud frå Tyskland til Paris, der balletten blei urframført. Ved sida av Augestad imponerer solistkvartetten av mannsrøyster, som i femtesatsen «Völlerei» («Fråssing») får til ein mest renessanseaktig flyt.
Sjur Haga Bringeland
Fleire artiklar
Filmen til Agnieszka Holland om flyktningar på grensa mellom Polen og Belarus vann juryprisen og var nominert til Gulløva på filmfestivalen i Venezia.
Foto: Another World Entertainment
Svartkvitt mareritt
Agnieszka Holland viser rettmessig raseri i grufullt og godt grensedrama.
Ukraina er avhengig av ei rekke våpensystem frå USA, som dette: rakettsystemet Patriot.
Foto: Sean Murphy / AP / NTB
Ein uunnverleg alliert
Kva blir att av Ukraina dersom våpenleveransane frå USA stoggar?
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.