Skrekkblanda fryd
Dystre framtidsutsikter vert mana fram gjennom Chris Kordas maskinpoesi.
Chris Koda blandar humor og alvor.
Pressefoto
Elektronisk
musikk
Chris Korda:
Apologize to the Future
Perlon
Halloween er her, men røynda er skumlare enn fiksjonen. Pandemi, fascisme, økonomisk kollaps, auka internasjonal spenning og, på botnen av det heile, det skrekkelegaste: Jorda er på veg til å bli ubueleg. Dette er temaet på den amerikanske, Berlin-baserte technoveteranen Chris Kordas nye album.
Skrekkblanda fryd
Over rytmisk komplekse komposisjonar som på same tid lyder varme og velkjende og urovekkjande og framande, framfører ei maskinaktig stemme ein serie dunkle dikt som tar for seg klimaendringar, økonomisk ulikskap og menneskeleg utrydding.
Humor og alvor er blanda saman på molekylærnivå, og resultatet er ei tjukk og bekmørk gugge som klistrar seg til øyro. Musikken på Apologize to the Future er ein skrekkblanda fryd.
«Unnskyld for det generasjonen min gjorde mot planeten», stod det på skiltet til ein 77 år ung demonstrant ved Extinction Rebellion-aksjonen i Oslo i september. Korda blei sjølv fødd i 1962. Det er sant at siste halvdel av 1900-talet tok opp eit ressursmessig lån som yngre generasjonar må betale dyrt for, og det er noko sporty over denne generasjonsmessige sjølvpiskinga.
Ber dei orsake
Samstundes trur eg at filosofen Mark Fishers analyse (i boka Ghosts of My Life) av korleis den falske lovnaden om stadige framsteg mot eit teknologisk paradis i tiår etter tiår blei innprenta i det kulturelle undermedvitne, har meir for seg enn skamvit og «OK, boomer»-memetikk.
Dei Korda ber orsake seg på Apologize to the Future, er dei som har gjort (og framleis gjer) seg rike og mektige på utarminga av planeten og av framtida, uansett alder.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er biletkunstnar, trommeslagar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.