Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Sorgtung kunstpop

Omformar kjærleikssorg til ariar og basstunge beats.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1655
20191115
1655
20191115

Pop

FKA twigs:

Magdalene

Young Turks

FKA twigs lagar musikk med element av mellom anna triphop, klassisk kormusikk, R&B-liknande synkoperte beats og snirklande vokal med stort register. Det andre fullengdsalbumet hennar, Magdalene, blei, dersom ein skal tru internettinformasjonen, skrive i ein periode prega av djup kjærleikssorg etter at forholdet med skodespelaren Robert Pattinson tok slutt.

Og vemodig og sorgtung høyrest musikken på plata ofte ut. Eit døme: låta «sad day». I motsetnad til platetittelen (MAGDALENE) er alle titlar skrivne med små bokstavar, som for å understreke den emosjonelle utmattinga – så sørgjeleg er tilstanden at ein ikkje kan makte å halde inne shifttasten.

Medan albumet inneheld nokre ihuga balladar («mirrored heart» kunne nesten vore del av Whitney Houstons repertoar, men FKA twigs’ vokalbruk er mange hakk meir atterhalden og langt mindre bombastisk), er dei tre låtane i midten av albumet, «holy terrain», «mary magdalene» og «fallen alien», med kontrastfylte og tydelege arrangement, høgdepunkta for underteikna.

Sistnemnde kan – rett nok langt på veg på grunn av tittelen – minne om den utanomjordiske operapopen til den blå divasongaren i sci-fi-filmen Det Femte Element. Men FKA twigs’ eksperimentelle kunstpop slektar meir på Björk, med eit innslag av Kate Bush-aktig falsett, enn divaer som Inva Mula og Houston.

Det er elles beint fram forunderleg å høyre korleis skiljet mellom lyden av falsettvokal og synthesizerar stundom blir bortimot fullstendig utviska.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis