Stille natt i to hundre år
Det eldste manuskriptet til julesongen «Stille Nacht! Heilage Nacht!», ført i pennen av presten Joseph Mohr.
CD
Franz
Xaver
Gruber, m.fl.:
Stille Nacht...
RIAS Kammerchor;
dir.: Uwe Gronostay.
Harmonia Mundi 2002/2018
Om du slit med å koma i julestemning, kan eg tilrå å ta ein adventstur til Salzburg, slik eg har gjort. I år la eg merke til noko spesielt her: På julemarknaden, i kyrkjene og i butikkvindauga – overalt er det stilt ut saker som har med «Stille Nacht! Heilge Nacht!» å gjera, julesongen me i Noreg kjenner som «Glade jul» eller – i den meir korrekte omsetjinga til Erik Hillestad frå 1990-åra – «Stille natt, hellige natt».
At salzburgarane er opptekne av han, er i og for seg ikkje underleg. Han er kan hende verdas mest kjende julesong, omsett til over 50 språk og utgjeven i eit utal coverversjonar med alt frå Bing Crosby, Johnny Cash og Sinéad O’Connor til Justin Bieber og Beyoncé. Men det spesielle i år er at han har 200-årsjubileum: Han blei urframført i Salzburg-området for fyrste gong på julekvelden i 1818, i den vesle landsbyen Oberndorf. Utruleg nok var blekket på notearka knapt størkna under urframføringa, for musikken blei komponert tidlegare på dagen av Franz Xaver Gruber (1787–1863), bygdeorganisten i Oberndorf, til ein tekst av landsbypresten Joseph Mohr (1792–1848). Organisten og presten framførte han tostemmig, med presten på gitar.
Det finst eit utal innspelingar av «Stille Nacht!» på originalspråket. Ein av favorittane mine er den RIAS Kammerchor i Berlin gjorde i 2002, på albumet Stille Nacht..., som no er kome i nytt opplag. Her syng dei han i eit arrangement for firstemmig blandakor av den rumensk-austerrikske komponisten Eusebius Mandyczewski (1857–1929). Denne varianten har fulltonande korklang samstundes som han får fram det enkle, mest barnlege uttrykket i Grubers originalversjon for to mannsrøyster og gitar.
Sjur Haga Bringeland
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Filmen til Agnieszka Holland om flyktningar på grensa mellom Polen og Belarus vann juryprisen og var nominert til Gulløva på filmfestivalen i Venezia.
Foto: Another World Entertainment
Svartkvitt mareritt
Agnieszka Holland viser rettmessig raseri i grufullt og godt grensedrama.
Ukraina er avhengig av ei rekke våpensystem frå USA, som dette: rakettsystemet Patriot.
Foto: Sean Murphy / AP / NTB
Ein uunnverleg alliert
Kva blir att av Ukraina dersom våpenleveransane frå USA stoggar?
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.