Tidsriktig sølepyttmusikk
Peppa Pig minner oss på kor viktig det er å samarbeide, inkludere og delta.
Barnemusikk
Peppa Pig – Peppa’s Adventures: The Album
eOne
I fellesferien dykka eg djupare ned i onkelrolla enn nokosinne, og teiknefilmfiguren Peppa Pig, som eg blei merksam på gjennom niesa og nevøen min, lanserte sitt andre album så snart eg var tilbake ved tastaturet. Eg er interessert i barnemusikk, så Peppa’s Adventures: The Album måtte undersøkjast.
Mykje har endra seg sidan My First Album kom ut i 2019, og heldigvis har Peppa Pig følgt med i tida. Kvar dag kan vere eit eventyr uansett kvar ein er, syng ho i opningssporet, ei påminning om at ein alltids kan reise, sjølv under restriksjonar, i fantasien. Sidestillinga av resirkulering i heimen («Recycling») og privat romfart – Grampy Rabbit flyr åleine til verdsrommet i «The School Bus Song», medan ei lengtande Peppa syng «I’d fly to space if I had wings» i «North Star Lullaby» – er slåande i ei tid der ulikskapen mellom dei rike og oss andre er større og meir synleg enn nokon gong, der teknologimonopolistar som Apple gjer alt dei kan for å hindre reparasjon og resirkulering, der Amazon-Bezos flyr til rommet, der blå brennmaneter sym i Romsdalsfjorden og der trea blei haustgule i juli.
Sølepytten er eit gjentakande motiv i tekstane, og det er nærliggande å lese biletet av sprutande, tilskitna vatn som eit symbol på bittersøt sosialisering mellom pandeminedstengingane. «Bing Bong Champion», ein låt som inviterer til taktfast tramping på dansegolvet (eller i sølepytten), kan ved første øyrekast verke som eit forsvar av konkurranse og utdatert marknadslogikk, men han viser seg å vere eit opprop om samarbeid og gjensidig hjelp. Det viktigaste er å delta, og, som det vert ropt til slutt, alle er vinnerar.
Rasmus Hungnes
er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen