To stk. komikkmusikk
To ganske like komikarar lagar heilt ulik musikk.
Elektronisk
musikk
BLARF
Cease and Desist
Stones Throw Records
Rock
Tim Heidecker
What the Brokenhearted Do
Jagjaguwar Records
To av dagens mest forvitnelege komikarar er ute med ny musikk. Blarf, ein klovnekarakter med røff språkbruk i Ronald McDonald-kostyme, nektar rett nok for at han er den han er, men det herskar ingen tvil om at det er Eric André, vert for det absurde og uhemma frekke talk-, stunt- og sketsjshowet Eric André Show, som skjuler seg bak sminke og parykk.
André er utdanna kontrabassist, men musikken som blir servert her, kan best kallast mashup, ein samplebasert stilart der nye uttrykk blir laga ved å stable allereie eksisterande (musikalske) element oppå kvarandre og mose dei i hop. Her blir vitsar av standupkomikarar som Richard Pryor og temasongar frå filmar som Rosemary’s Baby blanda saman med hardtslåande jazztrommesamplingar, intenst feedbackarbeid og ihuga rap, og resultatet er faktisk blant det betre mashuparbeidet underteikna nokosinne har høyrt. Dette er vanvittig solide, om enn ganske så intense greier, tufta på djup innsikt i eit breitt spekter av uttrykk.
Medan Tim Heidecker, den eine halvdelen av Tim & Eric Awesome Show, til vanleg lagar like uhemma humor som André – sketsjar av typen som ikkje eignar seg som taffelfilm under noko som helst slags form for måltid – går den siste musikkutgjevinga hans i ei ganske anna retning: What the Brokenhearted Do er, samanlikna med Blarfs heller brutale lydkollasjar, av det trauste slaget. Likar du James Taylor, så likar du truleg dette overraskande habile singer-songwriter-handverket, kjenslevart og blotta for det parodiske.
Rasmus Hungnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Elektronisk
musikk
BLARF
Cease and Desist
Stones Throw Records
Rock
Tim Heidecker
What the Brokenhearted Do
Jagjaguwar Records
To av dagens mest forvitnelege komikarar er ute med ny musikk. Blarf, ein klovnekarakter med røff språkbruk i Ronald McDonald-kostyme, nektar rett nok for at han er den han er, men det herskar ingen tvil om at det er Eric André, vert for det absurde og uhemma frekke talk-, stunt- og sketsjshowet Eric André Show, som skjuler seg bak sminke og parykk.
André er utdanna kontrabassist, men musikken som blir servert her, kan best kallast mashup, ein samplebasert stilart der nye uttrykk blir laga ved å stable allereie eksisterande (musikalske) element oppå kvarandre og mose dei i hop. Her blir vitsar av standupkomikarar som Richard Pryor og temasongar frå filmar som Rosemary’s Baby blanda saman med hardtslåande jazztrommesamplingar, intenst feedbackarbeid og ihuga rap, og resultatet er faktisk blant det betre mashuparbeidet underteikna nokosinne har høyrt. Dette er vanvittig solide, om enn ganske så intense greier, tufta på djup innsikt i eit breitt spekter av uttrykk.
Medan Tim Heidecker, den eine halvdelen av Tim & Eric Awesome Show, til vanleg lagar like uhemma humor som André – sketsjar av typen som ikkje eignar seg som taffelfilm under noko som helst slags form for måltid – går den siste musikkutgjevinga hans i ei ganske anna retning: What the Brokenhearted Do er, samanlikna med Blarfs heller brutale lydkollasjar, av det trauste slaget. Likar du James Taylor, så likar du truleg dette overraskande habile singer-songwriter-handverket, kjenslevart og blotta for det parodiske.
Rasmus Hungnes
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.