Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Ut frå museet

Eit opptak frå 1973 ser dagens lys på Townes Van Zandts 75-årsdag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Townes Van Zandt fotografert i september 1995 i samband med biografien som John Kruth skreiv.

Foto: Mark Humphrey / AP / NTB scanpix

2642
20190308
2642
20190308

Country

Townes Van Zandt:

Sky Blue

Fat Possum / Border

Eg skulle ønskje eg var ein snøkvit måne, syng Townes Van Zandt i tittelsporet på nye Sky Blue, ein song verda no får høyre for første gong, sjølv om opptaket vart laga i 1973: «being silent/ being silver/ till the break of day.» Trist og vakkert er det, som så ofte med låtane til denne artisten.

Respektert

Van Zandt, som ville ha vorte 75 år den 7. mars i år, høyrer med god grunn til mellom dei mest respekterte låtskrivarane vi har sett. Eit par tiår og vel så det har gått sidan han gjekk bort, første nyttårsdag i 1997, men dedikerte lyttarar har han heldigvis enno – noko eg fekk stadfesta då eg var på reise i sørstatane i haust, og trefte ein storøygd kar frå Dublin som drog med seg kameratane sine på ein lang, nattleg biltur for å leite etter eit hus Van Zandt hadde budd i.

På same reise vitja eg utstillinga Outlaws & Armadillos: Country’s Roaring ‘70s i Nashville, der Van Zandt figurerte, saman med låtskrivarar som Guy Clark og Billy Joe Shaver, og fekk æra for å ha løfta nivået nokre hakk med omsyn til kva country kunne vere for noko. Symptomatisk nok tok folk som Waylon Jennings, Kris Kristofferson og Willie Nelson meir plass i dei noko glatte romma til Country Music Hall – det vart til slutt sistnemndes versjon av Van Zandts klassiske «Pancho and Lefty» som toppa hitlistene.

Rått og ferskt

Songen dukkar opp på Sky Blue, i ein tidleg versjon. Fine tolkingar av låtar av Richard Dobson og Tom Paxton er også med, og i tillegg til «Sky Blue» er det ein song til her som vi ikkje har høyrt før, «All I Need». Begge er låtar fleire nok skulle ha gitt mykje for å kunne skrive, men som Van Zandt altså ikkje gav ut i si levetid.

Når det kjem til Van Zandt, toler vi godt å ta med oss det som måtte finnast i skuffene. Opptaka som er samla på Sky Blue, har ei avslappa ro over seg, kanskje fordi dei vart gjort i selskap med Bill Hedgepeth, ein nær venn av artisten. Tidvis kan det verke samanraska når nokon støvsugar gamle skap etter gløymde opptak, men ikkje her.

Det har vore skrive mykje om Van Zandts plaga liv – han hadde massive rusproblem, sleit med tung alkoholisme og var diagnostisert med bipolar liding. På utstillinga i Nashville var scenekostyme, instrument og smått og stort av anna slag samla i glasmontrar – det kjendest underleg livlaust når ein gjeng med countryrabulistar var tema. Du treng ikkje å sjå skjortene til Townes Van Zandt, men dette gamle opptaket kjennest rått og ferskt.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis