Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Vellukka vri

Freiburger Barockorchester piffar opp Corellis Concerti grossi med oboar og trompetar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den italienske komponisten Arcangelo Corelli (1653–1713).

2954
20190315
2954
20190315

CD

Arcangelo
Corelli:

Concerti Grossi; Sinfonia Santa Beatrice d’Este

Gottfried von der Goltz og Petra Müllejans, fiolin; Guido Larisch, cello; Freiburger Barockorchester. Aparte 2019

Me høyrer det alt i dei fyrste taktane på albumet, i «Grave»-satsen som opnar Arcangelo Corellis Sinfonia Santa Beatrice d’Este: Freiburger Barockorchesters typiske vibratolause strykarklang, med kraftig bass og barokklutten som liksom forsyner dei tette akkordane med perlande kolsyrebobler. Lutten, som her blir spelt av norske Thomas Boysen, gjev liv til dei litt statiske strykarklangane som er så typiske ved Corellis langsame orkestersatsar.

Klassikar

Corelli, som blei fødd i nærleiken av Ravenna i Nord-Italia i 1653, men budde mesteparten av livet i Roma, rakk å bli ein klassikar medan han levde. Livsverket hans er spesielt på fleire måtar, og vel regissert: Han skreiv berre instrumentalmusikk, noko som er uvanleg for barokkomponistar, og han publiserte berre seks opus, kvart av desse med tolv einskildstykke.

Dei tre besetningsformene han nytta, skulle alt i samtida bli kanoniserte som det reinaste av italiensk instrumentalmusikk for strykarar: Opus 1 til 4 er triosonatar for to fiolinar og basso continuo (ei besifra bassline), som er den mest lærde av formene hans. Opus 5, som er datert til 1. januar 1700, er den typen virtuose solosonatar for fiolin og basso continuo som både G.F. Händel og J.S. Bach seinare imiterte. Og opus 6 er såkalla concerti grossi, store orkesterverk, der ein trio av to fiolinar og cello strir mot resten av orkesteret – Bach nytta denne forma mellom anna i «Brandenburgkonsertane» sine.

Meir naturleg

Det er stykke frå sistnemnde opus Freiburger Barockorchester spelar på CD-en sin. Sjølv om tolkinga er god, somme stader jamvel superb, kan ein spørja seg: Kva er vitsen? Det finst då alt eit tital gode innspelingar av Corellis concerti grossi på marknaden? (For å nemna to av dei beste: den til Les Arts Florissants frå 1995 og Il Giardino Armonico frå 2008.) Det avgjerande her er besetninga. For medan Corelli berre skreiv for strykarar, har Freiburger Barockorchester lagt til blåseinstrument som oboar og trompetar. Og dette er ikkje gjort på slump, men tilpassa tonearten og den musikalske grunnsubstansen i satsane.

Særleg likar eg bruken av trompetar, dei som briljerer i den sjuande konserten i D-dur. I den opnande «Vivace»-satsen lèt Corelli i originalen dei to solofiolinane imitera trompetar gjennom flotte fanfarar. Ved å nytta ekte trompetar blir dette uttrykket forsterka – ja, det høyrest faktisk meir naturleg ut enn i Corellis originalversjon. Måten Freiburger Barockorchester gjennomfører denne typen vriar på, med ypparlege solistar, gjer plata til eit interessant tilskot til den rike Corelli-diskografien.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis