Alberto Fujimori kan ri Peru igjen
Demonstrantar med masker tolkar president Pedro Pablo Kaczynski og ekspresident, no fengsla, Alberto Fujimori i Lima, Peru, i samband med at den fyrstnemnde vil setja fri den sistnemnde.
Foto: Guadalupe Pardo/Reuters/NTB scanpix
PERU
Så kom julenissen til Fujimori då Pedro Pablo Kuczynski (PPK) på sjølvaste julekvelden brukte presidentens særrett og kunngjorde amnesti «på humanitært grunnlag» for ekspresidenten. Han vann vala i 1990, mot Mario Vargas Llosa, og sat med makta til november 2000. 1992 såg hans vidgjetne sjølvkupp, oppløysing av parlamentet og utvida fullmakter til ein mann som tok full styring til bate for seg sjølv og ulukke for landet. Klagemål rulla fram mot han etter 2000 brot på menneskerettane og mot menneskeætta, med tvangssterilisering av indianarkvinner, systematisk korrupsjon og maktmisbruk. Han rømde til Japan i november 2000 og vart fengsla då han kom til Peru att i september 2007. Dømd til 25 års fengsel, har han sete inne til no.
Odebrecht er eit bedriftskonglomerat frå Brasil som utviklar infrastruktur i Latin-Amerika, også i Peru. Rykta sa at dei har «kjøpt seg til» prosjekt, og Marcelo Odebrecht var i avhøyr med peruanske juristar i november. Han kom med namn på politikarar som er blitt smurde: Dei tre presidentane frå 2001 til 2016 var viktige for store prosjekt med veg- og metrobygging til Odebrecht, og dei hadde fått «kommisjon» for «rådgjeving». Ein av dei er i eksil i USA for å sleppe unna rettsvesenet; ein sit varetektsfengsla i Lima saman med kona si; den tredje er under etterforsking for korrupsjon.
Odebrecht nemnde aktive politikarar i dag. Keiko Fujimori, dotter til Alberto og leiar av partiet Fuerza Popular (Folkemakt), i opposisjon mot Kuczynski og med fleirtal i kongressen, fekk 500.000 dollar i «hjelp» til valkampen i 2011. PKK var, via selskapet First Company, rådgjevar og førelesar for Odebrecht då han hadde ministerpostar i regjeringa til Alejandro Toledo (2001–2006), og han fekk god betaling for tenestene.
PKK innrømte i desember for juristar, etter mange og lange avsanningar og påstandar om løgn, å ha hatt oppdrag som rådgjevar – også via firmaet Westfield Capital, registrert i Florida – og fått 780.000 dollar i betaling. Då kom det framlegg frå Keiko om å rekne PPK som «moralsk ueigna» for presidentposten. Kongressen prøvestemte over forslaget, og 93 stemte for avsetting. Krav om at PKK måtte forsvare seg for plenum, førte til innkalling til møte i kongressen den 21. desember. Etter 14 timars drøfting stemte dei om å avsette PPK. Med undring såg ein at 79 stemte for. Keiko hadde ikkje nådd dei 87 som trongst for å avsette PPK. Han synte seg no å ha opportunistens nådegåver. Han splitta Keiko-gruppa med å inngå avtale med veslebror hennar, Kenji, om at ti frå gruppa skulle avstå frå å stemme. Kenji kravde motyting med amnesti til far sin, og den 24. desember kunne Alberto, frå sjukesenga på hospital i Lima, med veik røyst, takke PPK for den store nåde.
Vargas Llosa har i 2006, 2011 og 2016 vore innpiskar til taktiske val for å blokkere for Keiko, og i andre omgang i 2016 kunne maktelitane (atter) stemme på ein av sine eigne, PPK, og han vann med eit skrik over Keiko. Ein etnisk kvit, eldre mann inntok presidentpalasset i eit av dei mest rasistiske landa i Latin-Amerika, der etnisitet er ein viktig faktor i politiske spel. PPK hang då som marionett i trådane til sektorar i overklassen, han delte folk og kongress med diktatordottera Keiko og gjekk usikre tider i møte. Han har for ei tid redda skinnet, hengt seg sjølv som marionett i trådane til ein maktsjuk Fujimori-familie.
81 år gamle Vargas Llosa kjenner seg lurt, kallar 79 år gamle PKK ein svikar, og i eit protestskriv kjem 300 forfattarar med opprop mot PPK. Mange trur at 79 år gamle Alberto vil ta taumane. Det skal vere val i Peru i 2021. Då får ein sjå om nokon orkar å stille opp mot Alberto, Keiko, Kenji og Fujimori-syndromet.
Birger Angvik er professor emeritus.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.
Vasskraftverket Nore I.
Foto: Lise Åserud / NTB
Er fjordane mindre verde enn elvar og vatn?
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.
Foto: Lars Bryngelsson
Diverterande
Engegårdkvartetten syner Mozarts kvartettkunst mellom passiar og pasjon.