Audiens hos diktarkongen i Weimar
Søndag 15. mai 1831 stod ein spent og nervøs 28-årig nordmann føre eit stort hus på Frauenplan 1 i Weimar.
Johan Wolfgang von Goethe, malt i 1828 av Joseph Karl Steiler. Andreas Faye (1827), malt av Peter Petersen (1794–1858)
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Historie
Den 28. august i år var det 275 år sidan den store tyske statsmann, diktar og polyhistor Johann Wolfgang von Goethe (1749–1832) blei fødd. Mange var dei som ønskte å vitja Goethe i heimen hans i Weimar. Vi veit berre om éin nordmann som på reise i Tyskland oppnådde det.
Søndag 15. mai 1831 stod ein spent og nervøs 28-årig nordmann føre eit stort hus på Frauenplan 1 i Weimar. Han ville vera der på minuttet, for han skulle i audiens hos diktargeniet Johann Wolfgang von Goethe.
Den unge mannen var Andreas Faye. Han var fødd i Drammen i 1802, blei teologisk kandidat i 1828, og var frå 1829 adjunkt ved middelskolen i Arendal. Faye skulle snart stå fram som ein viktig nybrottsmann på 1800-talet. No i 1831 var han på studie- og danningsreise til Danmark, Tyskland, Austerrike, Italia, Sveits og Frankrike.
Faye var teolog av utdanning, men først og fremst såg han på seg sjølv som historikar. Før han la ut på reisa i 1831, hadde han levert ei omfattande noregshistorie til trykking. Han la vegen om Goethes by Weimar med eit håp om å få møte den store statsmannen og diktaren.
Dette tiltaket vitnar om ein uvanleg initiativrik ung mann. Det var nemleg ikkje lett å få audiens hos Goethe. På reisa gjennom Europa hadde nordmannen møtt ei rekke kjende vitskapsmenn og kunstnarar. Viktig for å få til vitjinga hos Goethe var at han hadde blitt kjend med historieprofessoren Heinrich Luden i Jena. Luden rådde Faye til å leggje vekt på at han kom frå det vesle landet Noreg. Da ville det bli lettare å få audiens, meinte Luden. Og med det rådet sette Faye djervt i gang.
Laurdag 14. mai oppsøkte han Goethes hus og bad hustenaren spørja for han om ein audiens var mogleg. Han hadde skrive ønsket sitt på ein papirlapp. Å presentere seg som nordmann viste seg å ha den ønskte effekten. Da tenaren kom attende, kunne han fortelja at Faye kunne koma til audiens dagen etter kl. 13.
Nøyaktig kl. 13 slo tenaren opp fløydørene til det prektige «Goethehaus Weimar», der diktaren budde i nesten 50 år. Der stod Goethe midt i stova og tok imot. Faye skildrar han som «temmelig høi, smuk, og vakker Olding, som Ingen skulde troe at være over 80 Aar». Goethe bad Faye ta plass i sofaen, sjølv sette han seg på ein stol rett imot. Han spurde kva for språk dei skulle bruke. Faye svarte at nest etter norsk var tysk det han helst talte.
Goethe stilte fleire spørsmål om reisa Faye gjorde gjennom Europa. Kva var formålet, kor hadde han vore, og kor skulle han vidare? Ettersom Faye alle stader han kom, var opptatt av å finne ut om undervisningsvesenet, dreidde samtalen snart over til det norske skolesystemet, som diktaren viste seg å vera svært interessert i. Da Faye tilfeldig kom til å nemne at han budde i Arendal, kunne Goethe fortelja at han nyleg hadde mottatt «en smuk Samling Mineralier» frå byen, og han spurde om korleis det no stod til med sølvgruvene på Kongsberg.
Det viste seg at diktaren for tida var spesielt opptatt nettopp av mineral og mineralogi. Han ville gjerne ha namn på nordmenn han kunne vende seg til for å spørja om norsk bergverksdrift. Faye nemnde da tre namn, og Goethe bad Faye om å skrive ned namna.
I samtalen tiltalte Faye Goethe heile tida med «De» (Sie på tysk). Den tiltalen som ville ha vore den korrekte, nemleg «Dykkar Eksellense» (på tysk Eure Excellence), fekk den unge nordmannen seg ikkje til å seia. Han skreiv etterpå: «Ordet Excellants kunde jeg ei faae over mine Læber». Han visste jo elles godt at titlar var obligatoriske i Tyskland.
De må òg gi meg Dykkar adresse, sa Goethe og roste reiseplanen til Faye, og bad han skrive ned kva han hadde opplevd, når han til slutt kom heim til Noreg.
«Skriv meg til om Deres Reise og hvorledes Folk og Andet er forekommet Dem.» «Nei», hadde Faye da sagt, «til en Mand som Dem drister jeg mig ei at skrive.» «Hvorfor ikke», sa Goethe smilande, «det vil more mig, at høre fra Dem, naar de Lykkelig er kommet hjem.»
På kvelden same dag skreiv Goethe dette i dagboka si om vitjinga:
«Herr A. Faye, adjunkt ved latinskolen i Arendal, gav meg gledelege meldingar om dei norske bergverksmenn, vener av mineralogien og geognosien.» (Geognosi, brukt på 1800-talet om studiet av jordskorpa.)
Andreas Faye var den einaste nordmannen vi kjenner til som fekk audiens hos Goethe i Weimar. Berre ti månader etter besøket, den 22. mars 1832, døydde diktaren, 83 år gamal. Faye var da for lengst tilbake i Arendal, der han straks etter heimkomsten viste ein imponerande verketrong. I 1832 fekk byen – etter initiativ av Faye – eige trykkeri og eiga avis, og dessutan både museum og bibliotek. Reisa i 1831 og seinare korrespondanse gjorde at Faye bygde opp og deltok i eit internasjonalt nettverk av framståande europeiske forskarar og åndsarbeidarar, noko andre humanistiske forskarar i landet ikkje hadde så tidleg.
Ernst Håkon Jahr er professor emeritus ved Universitetet i Agder.
Andreas Faye (1802–69) var historikar, grunnleggjar av folkloristikken i Noreg, fråhaldspioner, stortingsrepresentant, ordførar, pedagog, sokneprest i Holt ved Tvedestrand, seinare i Sande i Vestfold, der han også var prost. Styrar ved lærar-
utdanninga på Holt (Holt seminar), som han grunnla i 1839.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.