Avtalar dikterer nasjonal politikk
POLITIKK
Den kjente tyske statsvitaren Wolfgang Streeck skreiv i Le Monde diplomatique (norsk utgåve) for ei tid tilbake at «… marknadane dikterer kva forventa suverene og demokratiske statar kan og ikkje kan gjere for sine borgarar. Resultatet er at borgarane i stadig større grad ikkje ser på regjeringane som sine representantar, men som representantar for interesser til andre statar eller internasjonale organisasjonar». Streeck har rett. Men eitt ord må bytast ut; det er nok rett at «marknadane» dikterer, men det må òg seiast at det er avtalar om desse marknadane som eigentleg gjer det.
Rett nok heng utviklinga av den nye vestlege avtalebaserte nasjonalstaten som Noreg òg er, saman med det å skape marknader og å korrigere dei, men det er avtalane som er forhandla fram for å oppnå dette nasjonalt og internasjonalt, som dikterer regjeringane. I Noreg kjenner me konsekvensar på dette området i form av EØS-avtala som avgrensar norsk sjølvråderett på ei rekkje politikkområde som gjeld handel og arbeidsrettar. Så har me Nato som teiknar forsvarspolitikken vår ned til detalj, vidare Verdshandelsorganisasjonen, WTO, som krev global frihandel. Paris-avtala set krav til vår klima- og miljøpolitikk for åra framover. Slik kunne ein fortsetja. Den rapporten som tydeleg har vist avtalemakta i forhold til Den europeiske unionen, EU, er «Europautgreiinga» som handlar om forholdet Noreg–EØS, med sin sluttrapport i 2012. Denne rapporten gjev visdom. Den stadfestar den nasjonal politiske avmakta som EØS-avtala inneber for Noreg. Denne utgreiinga peikar utover EØS-avtala korleis avtalemakt ytrar seg politisk og rettslig.
Noralv Veggeland er professor i offentlig politikk ved Høgskolen i Innlandet på Lillehammer.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.
Vasskraftverket Nore I.
Foto: Lise Åserud / NTB
Er fjordane mindre verde enn elvar og vatn?
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.
Foto: Lars Bryngelsson
Diverterande
Engegårdkvartetten syner Mozarts kvartettkunst mellom passiar og pasjon.
Flesteparten av dei danske jødane klarte å flykte til Sverige.
Foto: Ukjend / Nationalmuseet i Danmark
Flesk og smør i byte for danske jødar
Tyskarane trong kjøtleveransar. Var det det som redda dei danske jødane frå konsentrasjonsleirane?
Signe Førres første plate er balkaninspirert.
Foto: Terje Nesthus
Bass i norsk og balkansk landskap
Signe Førre med vener overraskar.