JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Barnelova og menneskerettane: «Det er inga forsking som kan dokumentere kva som vil passe for alle barn.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vi skal ta familievald og omsorgssvikt på alvor.

Foto: NTB

3757
20241018
3757
20241018

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Lovreform

Christiane Jordheim Larsen skriv ein interessant artikkel om regjeringa sitt høyringsnotat om ny barnelov (Dag og Tid 13. september). Ho fortener heider ikkje minst fordi ho siterer Camilla Pettersens bok Samværssabotasje. Dei som ikkje er kjende med kva som står på spel i dette saksfeltet, bør lese boka. Boka gir eit sterkt bilete av kor makteslause myndigheits- og rettsorgan står i møte med sjølvtekt, falske klagar og lovbrot.

Dag og Tid-artikkelen er interessant også fordi han framstiller regjeringa sine forslag sakleg og siterer nokre høyringssvar som regjeringa har motteke. Eg vil peike på nokre manglar ved artikkelen:

Bakgrunnen for arbeidet med denne lovreforma var at regjeringa Solberg innsåg at norsk myndigheits- og rettsutøving var i konflikt med europeisk menneskerettsforståing. Dei bad Barnelovutvalet om å gje forslag til ei ny lov som kunne bringe Noreg i takt med menneskerettane slik dei vart forstått av menneskerettsdomstolen i Strasbourg. I konvensjonen og i fleire domfellingar vert det slått fast at barn har rett til omsorg frå begge foreldra såframt dei ikkje utset barna for alvorleg fare.

Dette perspektivet er kome i bakgrunnen og er etter kvart forsvunne i saksførebuingane til lovreforma. Bufdir har nekta innsyn i tildelingsdokumentet som dei fekk frå Barne- og familiedepartementet (brev 24. januar 2023).

Kunnskapsoppsummeringa frå FHI vart utarbeidd i nært samarbeid med aktørar i Bufdir og Bufetat. FHI tek ikkje med menneskerettsperspektivet i rapporten. Forfattarane formidla forskinga si i ein kronikk i Aftenposten (22. november 2022) der dei konstruerte ein motsetnad mellom avtalefridom og ei norm om å vurdere delt bustad som utgangspunkt i lova. Dei siterer eiga forsking med at den viser at «vi (kan) derfor ikke konkludere med at det finnes én bostedsordning som vil passe alle barn». I regjeringa sitt høyringsnotat er desse formuleringane siterte og vert brukte som argument mot å legge føringar for butid.

Det er inga forsking som kan dokumentere kva som vil passe for alle barn. Ei føring i lova om å legge til rette for mest mogleg gjensidig butid med begge foreldre står ikkje i motstrid til avtalefridomen. FHI har gjort seg til aktør med politisk retorikk som er meiningslaus. Den forskinga FHI siterer, viser at delt foreldremyndigheit og butid er gunstig for barn sjølv om ein kontrollerer for mange andre faktorar. Inga forsking, heller ikkje den som FHI siterer, kan dokumentere at eit lovverk som bygger på vår felles menneskerettsforståing, er skadeleg for barn eller foreldre.

Fleire av høyringssvara som regjeringa har motteke, bruker argumentet om vald i nære relasjonar som argument mot å styrke det gjensidige foreldreansvaret i barnelova. Det er slåande at slike innvendingar sjeldan er dokumenterte med forsking. Det er forsking frå delstatar i USA der delt omsorg er innført som rettsnorm. Rettslege konfliktar aukar ikkje. Vald mot partnar og barn vert redusert markant. Dette vert òg stadfest i ein studie frå Spania. I Sverige, der dei i 2006 innførte ein heimel om at delt bustad kunne fråvikast der ein forelder viste til at det var konflikt om omsorga, auka rettstvistane med 280 prosent i dei følgjande tolv åra ifølgje tal frå Domstolsverket.

Vi skal ta familievald og omsorgssvikt på alvor. Barne- og familielova er ein elendig reiskap for å handtere slike saker. Derimot har vi straffelov og barnevernslov som er nyttige reiskapar under føresetnad av at rettsorgan og myndigheitsutøvarar får utdanning til å avsløre alle typar familievald, ikkje minst sjølvtekt, falske klager, samværssabotasje og fiendtleggjering av ein god nok forelder.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis