Bistand: Vår tru på pengar
BISTAND
Innlegga til Terje Tvedt i Dag og Tid er viktige. Dei har vekt litt debatt. Men kva har me lært?
Bak mykje av vår bistand ligg ei tru på at våre pengar skapar utvikling. Mi røynsle, etter å ha sett bistandsprosjekt i mange land og over lang tid, både vellukka og mislukka, er klår: Dei beste resultata finn me der det er brukt lite pengar, og der arbeidet er forankra i lokal økonomi og arbeid, og i lokale marknader. Til slik innsats trengs det tid, kontinuitet og praktisk kunnskap. Med evne til å lytta og til å sjå nyansar i ein fattig økonomi. Store pengar har ingen plass der.
Eg møtte ein norsk misjonær i Etiopia for mange år sidan, han hadde arbeidt i nær tretti år i landet. Me snakka om ymse organisasjonar, knytte til naudhjelp. «Men kvifor brukar dei så mykje pengar?» sa han. Han sjølv hadde studert korleis folk på landsbygda overlevde i kritiske periodar, og han hadde skrive om det. Her var kunnskap som no lett går tapt.
Egil Teslo, bonde frå Ringsaker, sa det slik: «Det er veldig arbeidskrevjande å bruka pengar i Babati!» Han arbeidde i eit svenskstøtta prosjekt, i Babati i Tanzania, med uvanleg gode resultat. Då SIDA-folk såg dette, ville dei fleirdobla løyvingane. Men Egil sa nei takk. Om det tradisjonelle jordbruket i området sa han: «Du må spørja dei som dyrkar jorda, og studera det dei gjer. Dei veit mest, for dei har budd her lengst.»
Landbruk og matproduksjon er eit grunnlag for all utvikling, og det er nok det viktigaste for dei fattige. Men støtta til landbruk står no for godt under 2 prosent av Norad sitt budsjett.
Som ei «humanitær stormakt» brukar me store pengar for å løysa konfliktar og i fredsprosessar, i eit slags «sjekk-diplomati». Våre pengar skal òg hindra hogst av regnskog.
Her er brukt om lag ein milliard norske kroner per år dei siste 10–15 åra til to land, Palestina og Afghanistan. Over 8 milliardar for å minska avskoginga i Brasil. Mange milliardar til Sør-Sudan.
Men eit sjekk-diplomati kan slå tilbake; det kan gje auka konfliktar, og det kan gje korrupsjon. Ein generaldirektør i SIDA, Anders Forsse, var skeptisk til slik bruk av pengar. Han har arbeidt med bistandsspørsmål i eit langt liv. Då han var pensjonert, møtte eg han i ei tenkegruppe i Stockholm. Om det å skriva ut sjekkar, sa han med to ord: «Flower Power!».
Den bratte auken i norske bistandsbudsjett skapar eit press for å bruka pengar. Dei som bremsar, vert då lite populære, både hjå gjevar og mottakar. Men ofte er det å bremsa nyttig for å få prosjekt eller planmål ned på jorda.
Eit sentralt mål for bistand er å gje folk ei positiv tru på at dei, med eige arbeid, kan få ei betre framtid i heimlandet. Og, med det, koma seg ut av fattigdom. Ofte er dette land med rike naturressursar. Somme av oss kan då bidra med råd og praktisk kompetanse. Me må då sjå på folk som ein ressurs, ikkje som offer.
Men ofte skjer det motsette. Mange frå slike land vil gjerne framstilla seg som offer når dei møter oss, med vår dyrking av medynk. Det gjev utteljing, men er ein dårleg start. Svært mange, serleg unge gutar og menn, har no bytt ut trua på sitt eige med ei tru på at framtida ligg i Vesten og i Europa. For Afrika er dette ei ulukke. Det skapar uro, det øyder ressursar og det gjev traume. Korleis kan eit land byggjast når kanskje eit fleirtal av unge menn vil derifrå? Me, med våre pengar, ser berre oss sjølve, med vår narcissisme.
Kva har skjedd? Har me eit ansvar for dette? Eg trur at det korte svaret er ja. I vårt arbeid prioriterer me eksport framfor lokale marknader. Me betalar løner til lokalt tilsette som ligg to–fire gonger høgare enn lokalt lønsnivå. Dei med høg utdanning kan stundom få ei stilling i det «internasjonale samfunnet», med ti- eller tjuedobla løn. Og for dei utan høg utdanning lokkar fotballagentane.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.