Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Bolsjevikane og det økonomiske demokratiet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3629
20171215
3629
20171215

RUSSLAND

Ein studie frå 1970, av den gresk-engelske fridomssosialisten Maurice Brinton, alias Chris Pallis, går rett inn i der Lenins revolusjon, etter mange sosialistars meining, spora av. I The Bolsheviks and Workers’ Control 1917–1921 går Brinton gjennom det viktigaste som vart skrive og gjort, månad for månad, av dei russiske revolusjonære.

Lenin ønskte heilt frå byrjinga av 1917 statleg kontroll over heile næringslivet, inkludert arbeidarråda. Lenins parole «All makt til sovjeta» var eit opportunistisk, førebels slagord for å lokke dei over til bolsjevikane.

Etter tsarens avgang i februar 1917 skyt fabrikk- og verkstadråd («sovjet») opp overalt i Russland. I juni 1917 vedtok Petrograds fabrikkråds første konferanse, der bolsjevikane hadde fleirtal, ein sluttresolusjon som kravde «organisering av arbeidaranes faste kontroll av produksjon og distribusjon» og «ein proletær majoritet i alle institusjonar med utøvande makt».

Etter bolsjevikrevolusjonen 25. oktober skreiv Lenin, i Pravda 3. november, eit «Utkast til dekret om arbeidarkontroll» som skulle «utøvast av alle arbeidarar og tilsette i eit føretak». Men, heldt Lenin fram, «avgjerdene kunne opphevast av fagforeiningane og kongressane».

Og det var just det som hende – fagforeiningane, som var meir servile overfor partiet, blei det organet bolsjevikane brukte for å bryte makta til fabrikkråda. Dessutan skulle delegatane i sovjeta vera ansvarlege overfor staten i «alle føretak av betydning for Staten».

Så, 14. november, vedtok Den sentrale eksekutivkomité for sovjeta at alle lokale sovjet skulle stå ansvarleg for eit ‘Regionalt arbeidarkontrollråd’. Samansettinga av desse kontrollråda skulle kommunistpartiet bestemme.

Dei neste månadene fram til utbrotet av borgarkrigen 25. mai 1918 er ei traurig historie der bolsjevikane bit for bit tar all makt tilbake frå sovjeta. 5. desember 1917 vart det ‘Høgste Økonomiske Rådet’ danna, med oppgåve å styre alle eksisterande økonomiske styresmakter. Der sat berre bolsjevikar.

Alle forsøk frå fabrikkråda på å gå vidare til arbeidarforvaltning, blei fordømt av Lenin som «umogne», «utopiske», «anarkistiske», «skadelege», ‘umulege’ osv.

Eit venstrekommunistisk tidsskrift i Petrograd, Kommunist, redigert av Bukharin, Radek og Ossinskij, åtvara mot utviklinga, og i den andre utgåva, i april 1918, skreiv Ossinskij at Russland var på veg frå sosialisme til statskapitalisme.

Lenin reagerte heftig, og 5. mai prøvde han å gå kritikken i Kommunist i møte. Ifølgje Lenin fanst der ingen fare i ‘statskapitalisme’. Det var tvert imot noko ein skulle etterstreva: «Sovjetmakta har inkje å ottast for [statskapitalismen], for sovjetstaten er ein stat der makta til arbeidarane og dei fattige er sikra.» I Den trugande katastrofen og korleis den skal nedkjempast, som vart skriven alt i september 1917, rett før revolusjonen, går han rakt på sak: «Sosialisme er inkje anna enn statskapitalistisk monopol, skapt til nytte for heile folket.»

Etter desse handlingane og utsegnene kan ein seia at Lenin var korkje marxist eller sosialist, viss ein med marxisme meiner Karl Marx’ utsegn om at sosialisme er arbeidarane sin kontroll eller eigarskap over produksjonsmidla.

Ein kan hevde at borgarkrigen gjorde fridomseksperiment umuleg, men den krigen starta først 25. mai. Likeins var dette det aller første forsøket på å skapa ein sosialistisk stat, så dei måtte prøve og feile. Det er så, men forsøket kan ikkje kallast sosialistisk. Det var, med Lenins eigne ord, statskapitalistisk.

Edvard Mogstad er historikar og sekretær for ProutNorge.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.

Foto: Anne Valeur

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Fugl føniks

Hayden Powell har brukt ventetida godt.

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis