Dag og Tids identitet
Kartet syner infinitivsending over heile landet.
Nynorsk
Den 27. september fekk eg to meldingar frå Dag og Tid. Den eine kom på e-post og galdt abonnentar som ikkje hadde fått bladet i posten. «No kan du lese Dag og Tid som e-avis», stod det.
Den andre «meldinga» var ein reklame for Dag og Tid på baksida av Syn og Segn: «Prisen vil forplikte oss til å lage (mi utheving) ei god og viktig avis kvar veke. Svein Gjerdåker, redaktør i Dag og Tid, i takketalen for Fritt Ords Pris.»
Her presenterer Dag og Tid seg for lesarar og publikum med e-infinitiv – ein identitet som ikkje bør vera identiteten til eit «flaggskip» for nynorsken! Frå Ivar Aasens tid har a-infinitiv vore karakteristisk for nynorsken. Slik er det ikkje lenger. No er e-infinitiven på god veg til å verta standard. Dette vart stadfest eit par dagar seinare i ny Dag og Tid-reklame i posten.
Det ålmenne skiftet til e-infinitiv har gjenge stilt for seg, over tid, noko som aldri har vore omtala eller diskutert – ikkje før underteikna tok det opp. Etter 2012, då nynorsken fekk ei norm som likestiller nynorskformer med bokmålsformer, har ein ikkje vilja ha nokon diskurs. No har a-infinitiv vorte unnatak, til dømes i Syn og Segn. Og Dag og Tid har òg mest e-infinitiv. Alle offentlege brev har e-infinitiv, ogso i det meste frå Språkrådet. Ein tenkjer visst at «slik skal nynorsken vera i dag»! I NRK, som har mykje nynorsk teksting, har eg heller ikkje sett anna enn e-infinitiv. Tekstarane har nytta sin «eigen» nynorsk. Men eg har hatt kontakt med Reidun Martol, som styrer med tekstinga, og sundag 7. oktober fekk eg ei gledeleg overrasking: Der ingen skulle tru at nokon kunne bu var teksta med a-infinitiv. No fekk sjåarane sjå god, tydeleg nynorsk att.
I Noregs Mållag har det òg skjedd noko. Leiaren skriv gjera og vera i leiarartiklane sine, og siste utgåva av Norsk Tidend har god overvekt av a-infinitiv.
Redaktør Svein Gjerdåker er vossing. Han fylgjer målføret sitt og nyttar a-infinitiv i alt han skriv. For meg, som er telemarking og har kløyvd infinitiv i målføret, vert lage og lese, vere og leve bokmål.
At dei som har dialektbakgrunn med e-infinitiv, fylgjer dialekten sin, godtek eg. Men at folk frå til dømes Rogaland skriv e-infinitiv, er meiningslaust. Dei burde ikkje medverke til å endra nynorskens karakter. Med a-infinitiv vert det visst «for mykje nynorsk»!
Når ein tenkjer på det frodige folkemålet åt politikarane Sigbjørn Johnsen og Torbjørn Berntsen, den eine frå Hedemarken og den andre frå Oslo aust, med a-infinitiv i mange verb, vert det meiningslaust at a-infinitiven skal ut av nynorsken «Ut med e-ene, inn med a-ene», var tittelen i eit lesarinnlegg i Rjukan Arbeiderblad i 1980-åra. Det var skrive av ein ihuga samnorskmann som hadde rekordmange innlegg i bladet.
Dette innlegget er ei frimodig ytring som gjeld Dag og Tid. Og med nemnde pris i mente reknar eg med at ein «toler» det. Då det vart tydeleg for meg at «e-infinitiv-trenden» òg hadde innteke administrasjonen i Dag og Tid, fann eg det naudsynt å seia ifrå.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.