Dag og Tids pakke til samane
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Om det samiske
Eg vil takke redaktør Gjerdåker for svaret i Dag og Tid 5. mai 2023. Der det er dialog, er det von.
Eg tar det for god fisk at serien ikkje er gjort med «vikarierande og ufine motiv», og legg til grunn at journalisten som er sett til å lage Dag og Tids serie om samiske forhold, har gjort det han hadde kapasitet til. Kanskje han hamna i same vanskelege situasjon som Doktor Allvitande frå Brørne Grimms eventyr? Vår «allvitande» kom diverre ikkje like heldig ut av det som han i eventyret.
Kva er det som har gnaga Dag og Tid då dei teikna det svært forteikna portrettet av Katya Garcia Anton? Er det fordi ho er utlending, at ho forheld seg til internasjonale diskursar på kuratorfeltet, at ho er den første kuratoren som løfta samisk kunst fram på den internasjonale kunstscena, at ho er kvinne, eller er det ein kombinasjon av desse forholda? Dag og Tid-redaktøren har forsikra oss om at serien, inkludert portretteringa, ikkje er gjord med vikarierande og ufine motiv.
Kanskje det blei ein skrens då?
Journalisten har òg kome i skade for å tolke kjeldene på ein omtrentleg og til tider misvisande måte. Til dømes hevder han at dei ikkje får byggje gang- og sykkelsti i Hammerfest fordi FN har bestemt noko om ein demning i Peru. Der spelar han på ein FN-skepsis, underslår at det dreier seg om tolkinga av ein menneskerettskonvensjon, og at det er FN menneskerettskomiteen som har statuert at det finst ein terskel for kor mange og store inngrep urfolk må tåle. Det gir lesaren eit feilaktig inntrykk av kva avgjerda faktisk inneber.
At ILO-konvensjon nr. 169 vart ratifisert på ein lemfeldig måte, er ikkje berre ein håplaus, men òg ein hjelpelaus påstand. Konvensjonen gjekk gjennom grundige førebuingar og alle formelle og rettmessige diskusjonar før ratifiseringa. Det vart arrangert høyringar der ulike sider av saka, både negative og positive, vart belyste. Ein fyldig stortingsproposisjon låg til grunn for det endelege vedtaket. Å hevde at ratifiseringa var lemfeldig, er ein ukvalifisert og meiningslaus påstand om den omfattande prosessen.
Kvifor er det viktig at ILO-konvensjonen ikkje blir «snakka ned» på uriktig grunnlag? Ein viktig grunn er at det samiske samfunnet kjempar ein kamp for å overleve. Når det blir reist tvil om dei demokratiske spelereglane i Norge, har det samiske fellesskapet lite å verje seg med. Om det må fortsetje å argumentere for dei rettane det fekk etter 250 år med fornorsking, er det tilbake til sitt kulturelle nullpunkt. Eg trur redaktøren når han seier at det ikkje var meininga å sverte eit av dei få rettslege instrumenta som er tilgjengelege. Det er det siste vi i det samisk-norske samkvemmet treng.
Urovekkande er òg insinuasjonane retta mot det samiske akademia. Akademiske miljø spelar ei avgjerande rolle i alle samfunn. Dei er senter for utvikling av kunnskap, forsking og utdanning. Dei bidrar til å forme og utvikle samfunnet ved å fremme kritisk tenking, innovasjon og forståing av verda rundt oss. I urfolkssamfunn har akademiske miljø særleg stor tyding for å gjenskape, bevare og vitalisere deira kultur, språk og tradisjonelle kunnskap. Samtidig kan urfolkstudier og forsking styrke urfolks fellesskap og gjenskape stoltheit og kulturell identitet.
Når Dag og Tids journalist insinuerer at det samiske akademiet er politisert, underminerer han dette viktige arbeidet og bidrar til å svekke tilliten til dei samiske institusjonane. Det er viktig å anerkjenne akademiske miljø i urfolkssamfunn og forstå den viktige plassen dei har i ei utfordrande tid. Dei er ryggraden i arbeidet med mangfald og inkludering både innanfor og utanfor institusjonane. Det inneber mellom anna å auke representasjonen av urfolksstudentar og tilsette, støtte og fremme urfolksforsking og program som bidrar til å utvikle det moderne samiske fellesskapet. Gjennom eit sterkt samarbeid mellom akademiske miljø og urfolkssamfunn kan ein oppnå meir rettferdig og inkluderande utdanning og forsking som anerkjenner og styrker urfolks kultur, kunnskap og rettar.
Eg tek svaret frå Dag og Tids redaktør som eit teikn på at avisa kjem til å vere meir bevisst og ansvarleg i diskusjonar om samiske forhold i framtida.
Ánde Somby er førsteamanuensis i juss ved UiT Noregs arktiske universitet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.