JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

«Dei som kritiserer storleiken på utgiftene til offentleg sektor, kjem sjeldan med forslag om kva som skal reduserast.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Framover vil etterspurnaden etter helse- og omsorgstenester auke i takt med ei aldrande befolkning.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

3958
20241018
3958
20241018

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Økonomi

Med jamne mellomrom kjem det utsegner om at offentleg sektor har blitt for stor, og den klassiske påstanden om at privat sektor skaper verdiar, medan offentleg sektor bruker verdiar.

Verdiskaping oppstår når det er behov for ei vare eller teneste. Og det skjer både i offentleg og i privat sektor. Begge sektorane leverer det folk etterspør.

Det er forskjell på offentleg sysselsetjing, offentleg sektor og offentlege utgifter. Desse storleikane vert altfor ofte blanda saman.

Det vert hevda at offentleg sektor sin del av økonomien utgjer om lag 60 prosent av BNP, men det stemmer ikkje. Offentlege utgifter er ikkje ein del av bruttonasjonalproduktet. Offentlege utgifter utgjer blant anna store overføringar til private, til bedrifter og til kjøp frå privat sektor. Offentleg utgifter til «næringsformål» er også er ein del av offentleg sektor.

Om ein skal samanlikne storleiken på privat og offentleg sektor, må ein sjå på sysselsetjinga. Prosentdelen som jobbar i offentleg forvaltning, staten og fylkeskommunar, har vore nokså stabil på om lag 30 prosent dei siste åra. I perioden frå 3. kvartal 2021 til og med 4. kvartal 2023 er det blitt 135.000 fleire sysselsette i Noreg. Flest av desse, 80 prosent, har kome i privat sektor.

Dersom ein ser på den offentlege og den private delen av BNP for Fastlands-Noreg, det vil seie dei faktiske verdiskapingstala utanom oljeindustrien, og ikkje berre utgiftene, så vil delen til offentleg sektor ikkje vere 60 prosent, men 25 prosent. Det er eit faktum at om lag 75 prosent av verdiskapinga skjer i privat sektor.

Torvik-utvalet, som har samanlikna utgifter, inntektsnivå og skattesystem i Noreg med andre land, peikar på at sjølv om Noreg har høgare pengebruk, har landet ikkje fleire offentleg tilsette innanfor verken skule eller helse og omsorg enn i nabolanda. Men meir går til trygder, i tillegg til tilskots- og støtteordningar til privatpersonar og næringslivet.

Dei største offentlege utgiftene er sosialt vern som pensjon, uføretrygd, sjuketrygd og arbeidsløysetrygd, som står for om lag 45 prosent. Dette utgjer 850 mrd. kroner. Helse utgjer 18 prosent, om lag 400 mrd. kroner, og «næringsøkonomiske formål» utgjer 12 prosent, om lag 280 mrd. kroner. Dette er dei tre største utgiftspostane på statsbudsjettet. I tillegg går 12 prosent til forsvar, politi og utdanning og 3–4 prosent til kultur og miljøformål. Det «såkalla byråkratiet» står for om lag 3–5 prosent av dei offentleg utgiftene. (Tala er frå 2023.)

Dei som kritiserer storleiken på utgiftene til offentleg sektor, kjem sjeldan med forslag om kva som skal reduserast. Sjukelønnsordninga kostar over 80 mrd. kroner, der statens del utgjer det meste. «Næringspolitiske formål», eller subsidiar til næringslivet utgjer 280 mrd. Offentlege utgifter til næringspolitiske formål blir sjeldan trekte fram når gjeld offentlege utgifter. Arbeidskraft er ein knapp ressurs, og når vi bruker ein arbeidstime på å produsere noko, kan vi ikkje bruke den same arbeidskrafta på noko anna.

Å «skape» ulønnsame arbeidsplassar er ikkje samfunnsøkonomisk fornuftig. Då er det først og fremst lobbyistane og PR-folka «som jobbar for si næring», særinteressene, som vinn fram. Det er sjeldan forslag om at dette må til for å redusere dei «for store» offentlege utgiftene.

Framover vil etterspurnaden etter helse- og omsorgstenester auke i takt med ei aldrande befolkning. Det same vil utgiftene til Forsvaret. I staden for å ha fokus på om verdiskapinga skjer i offentleg eller privat sektor bør ein i større grad fokusere på korleis vi skal auke produktiviteten i begge sektorane.

Produktivitetsutviklinga er hovudutfordringa for auka velstand på sikt. Produktiviteten har vore svært låg dei siste åra samanlikna med perioden 1980–2010.

Einar Magne Skeide er økonom og lærar i vidaregåande skule.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis