Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Dei to ordlistene

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1895
20180112
1895
20180112

NYNORSK

I Dag og Tid 3. september 2017 skriv Hallvard Hegna om dei to ordlistene Enkel nynorsk ordliste av Karl Arne Utgård, Aud Søyland og Margunn Rauset, og Nynorsk ordliste – Tradisjonell og einskapeleg norm, redigert og skriven av Arvid Langeland.

Eg er så einig i det Hallvard Hegna skriv i Dag og Tid og endå meir samd er eg med han, etter å ha lese artikkelen «Endeleg i mål» i Norsk Tidend nr 4 – september 2017, der Arvid Langeland er intervjua om arbeidet og målet med å laga ordlista si. Og eg er så glad for at han har gjenomført det store og viktige arbeidet som vil vera med på å ta vare på den nynorsken som eg er so glad i, i motsetnad til den andre ordlista, med «ei norm som i so stor grad opnar seg mot bokmål, og i praksis eit åtak på nynorsken», seier Langeland.

Langeland fortel at attom ordlista Nynorsk Ordliste – Tradisjonell og einskapeleg norm, ligg det eit stort dugnadsarbeid, men han har alltid vore ein ihuga målmann, og at det var uuthaldeleg å sjå at nynorsken vart so dårleg medfaren. Og når eg les intervjuet med han, so er eg heilt samd i alt han seier, for me er båe ifrå Hardanger og har same bakgrunn i dialekten vår. Og som han og seier, so er nynorsken bygd på talemålet, og då vil eit normaltalemål og ei slik ordliste vera til hjelp. For: Det må finnast ei form for kvart ord. Det er slik eit standardmål er, og må vera, seier han, og eg er heilt einig, for eg har som han, alltid vore ein ihuga «målmann» og både dialektane og nynorsken er ein viktig del av min identitet.

«Me vonar at ordlista kan ha ei målpolitisk kraft, og målet er at dette skal reisa oppatt nynorsken som eit sjølvstendig språk, på lik linje med til dømes bokmål, svensk og dansk», seier Arvid Langeland.

Takk for innsatsen din Arvid Langeland med denne viktige ordlista, som eg er viss på at mange, slik som eg, set stor pris på.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein kosmetisk klinikk i Miami i USA reklamerer for såkalla BBL-behandling, der filler blir injisert i rumpa.

Foto: Ellis Rua / AP / NTB

HelseSamfunn

Ein bransje full av skrukkar

2025 blir eit rekordår – også for fiksing av fjes. Noreg er eit av få land i verda der styresmaktene ikkje bryr seg med kven som injiserer kva.

Marita Liabø

Soldatar frå den russiske nasjonalgarden er på veg for å hindre ein demontrasjon på Den raude plassen i Moskva.

Foto: Pavel Golovkin / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Journalistar på konstant vakt

Den russiske eksilavisa The New Tab tilbyr vestlege medium reportasjar frå innsida av Russland. Men særs mykje blir anonymisert før det når lesaren. Vil lesaren tru på det då?

Ole Dag Kvamme

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis