Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Den jamstilte hovudforma kløyvd infinitiv

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2472
20230519
2472
20230519

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Språk

På nynorskdagen førre veke – 10 år etter at kløyvd infinitiv vart ei jamstilt hovudform – hadde eg ynskt at nokon hadde nytta høvet og snakka fram denne infinitivsforma.

«I morgon må du finne på noko å gjera for meg», seier Mattis til systera Hege i boka Fuglane av Tarjei Vesaas (min kursiv). Når ein skriv med kløyvd infinitiv, skal somme verb ha a-ending i infinitiv, og desse 285 verba står i usamansett form på ei liste på nettsida til Språkrådet (Sprakradet.no). I Nynorsk ordliste (Samlaget, 2012) finst derimot nærare 350 verb på lista. Alle andre enn listeverba skal ha e-ending i infinitiv, utanom dei som endar på vokal. Kvifor verba har hamna på lista, er ikkje enkelt å forstå. Men ein treng korkje kunna jamvektslova, norrønt språk eller ha forma i målføret sitt for å skrive brukande med kløyvd infinitiv. Berre lista trengst!

Sidan først på 1900-talet har dei største nynorskforfattarane nytta kløyvd infinitiv, og mange av dei største nyttar han i dag. Eg vart overraska då eg såg Jon Fosse hadde skrive si siste bok, Kvitleik, med kløyvd infinitiv. Forma har i lange bolkar, og sist frå 1959 til 2012, vorte halden «på venterommet» som sideform («klammeform»). Me som er fødde etter den siste verdskrigen og lærte å skrive nynorsk etter 1959, hadde to hovudformer, e- og a-infinitivsending. Dei som like fullt valde kløyvd infinitiv, kunne i stor grad fylgje infinitivsendinga i sitt eige målføre.

Sidan 2012 har både e- og a-endingane og den kløyvde infinitiven vore jamstilte. Men no er retningslinene til bruken av kløyvd infinitiv strengare: Du må halde deg til lista. Samstundes ligg det mange skremmebilete på Internettet retta mot dei noverande og framtidige brukarane av kløyvd infinitiv; det er lett å få auge på nedvurdering, neglisjering og latterleggjering av infinitivsforma, særleg det at dei nye brukarane «må pugge 285 verb».

For å sjå på bruken etter ti år som jamstilt form, saumfór eg fire austnorske lokalaviser i «Midtlandsområdet» og jakta på infinitivar. I over 500 små og store artiklar fann eg at journalistane (og andre) berre hadde nytta 77 av dei 285 verba på lista. Vera, gjera, seia, koma, laga, kunna, setja, selja, fortelja og skapa, skriven anten med e-ending eller a-ending, kom på «ti-på-topp» av dei mest nytta infinitivane.

Det er neppe naudsynt å pugge alle dei 285 verba for daglegdags skriving. Framsnakk heller den tradisjonsrike kløyvde infinitiven.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis