Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

«Det er transfeitt, ikkje metta feitt som er helsefarleg»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det er vanskeleg å finne studiar som viser at metta feitt utan transfeitt gir auka risiko for hjartesjukdom, skriv Hanna Hånes.

Foto frå PxHere

2899
20241206
2899
20241206

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Helse

Det byrja før krigen, men auka særleg etter 1945: stadig fleire menn døydde av hjarteinfarkt og tette blodårer.

Kvifor? Professorane klødde seg i hovudet og forstod ingenting. Då freden kom og velstanden auka, skulle vel færre døy av infarkt og levealderen auka? I staden skjedde det stikk motsette.

Amerikanaren Ancel Keys kom med eit svar som ivrige tilhengjarar greip med begge hender: Det var feitt som var årsaka. Og nokre år seinare: Det er ikkje feitt i seg sjølv, men typen feitt. Det faste, metta feittet. Metta feitt vart definert som alle typar dyrefeitt, altså smør og mjølkeprodukt og alt slags kjøtt. Kokosfeitt blei også teke med. Samanhengen var kolesterol. Personar med høgt kolesterolnivå døydde oftare av infarkt enn andre. Og metta feitt auka kolesterolnivået i blodet.

Den medisinske laboratorieindustrien begynte med kolesterolmålingar i stor stil, og matvareindustrien satsa på lettprodukt av alle slag.

Men fagmiljøa tok for enkelt på det. Kosthaldet i Nord-Europa og USA inneheldt mykje delvis herda feitt. Amerikanarane laga fast feitt ved å delvis herde bomullsfrøolje. I Noreg brukte vi kvalolje og seinare sildolje og andre fiskeoljer. Dette feittet inneheldt mykje kunstig skapte transfeittsyrer, som har fleire skadelege eigenskapar. Lenge blei desse eigenskapane oversett. I mellomtida bidrog industrielt transfeitt til at 440.000 norske kvinner og menn døydde av angina og hjarteinfarkt mellom 1951 og 2000.

Industriskapt transfeitt fører blant anna til ein svak betennelse på innsida av blodårene. Det aukar risikoen for blodpropp og åreforkalking.

Kvifor balar vi framleis med diskusjonar om metta feitt? Ei årsak er at kostråda er baserte på forsking frå 1950- og 1960-talet. Då tok ein ikkje omsyn til transfeitt. I studiar åt forsøks- og kontrollpersonar ei blanding av metta feitt og transfeitt, men det blei registrert som metta feitt. I dag er det vanskeleg å finne studiar som viser at metta feitt utan transfeitt gir auka risiko for hjartesjukdom. Men dei gamle studiane lever vidare og blir nytta som grunnlag for kostråd til dagens friske barn, unge og vaksne. Ein ser også bort frå at dei 50–60 år gamle studiane er lite representative, dei vart ofte gjennomførte på middelaldrande og eldre menn som allereie hadde ein hjartesjukdom, og der svært mange røykte. I nokre tilfelle var det også svært lite fleirumetta feitt i maten.

I dag er det industrielle transfeittet ute av kosthaldet, og vi får i oss rikeleg med fleirumetta feitt. Likevel blir vi oppfordra til å kjøpe lettprodukt for å få i oss så lite metta feitt som mogleg. Det er på høg tid å oppdatere forskingsgrunnlaget.

Hanna Hånes er ernæringsfysiolog og journalist med mastergrad i kunnskapsbasert praksis i helsefag. Ho var i mange år tilsett i Folkehelseinstituttet og er no pensjonist og sakprosaforfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis