Det som ikkje står der
Stortingsmeldinga drøftar ikkje årsaka til at her er so lite villrein.
Rein ved toppen av Gråhøa i Sødorpfjellet i Gudbrandsdalen.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Villrein
Eva Aalberg Undheim skriv i Dag og Tid 19. april om kva som står i stortingsmeldinga om villrein. Mest interessant er kanskje det som ikkje er drøfta i meldinga. Forskjellen mellom vill og tam rein er ikkje drøfta, og det står ingenting om at tamreinindustrien har utrydda den ville reinen frå storparten av høvelege leveområde.
Etter istida kom reinsdyr av vår underart, Rangifer tarandus tarandus, på same vis som folk, til Noreg frå sør, men ogso frå aust, nord for breen. Folka frå sør og nord blanda seg og levde mest av fisk, sel og kval, men jakta ogso rein. Seinare kom samar med tamrein.
I dag er det over 600.000 reinar av vår underart i Norden. Villrein er ikkje ei eiga art eller underart, men er rein som vert forvalta med jakt etter hjorteviltforskrifta. Tamrein vert rekna som semi-domestisert og vert styrt mellom reingjerde av gjetarar på motorfarkostar og hundar, vert lokka med kraftfôr. Dei vert ville om dei vert sleppte fri og jakta på, som i Forollhogna og i Rendalen.
I stortingsmeldinga står ei vakker soge om korleis fyrst neandertalarar og sidan menneske i Vest-Europa overlevde ved å jakta på villrein. Det står: «Fortellingen om reinen og menneskene og vår dype felles historie er forhåpentligvis et viktig bidrag til arbeidet med å bevare Europas viktigste kulturminne.» Det er litt vanskeleg å skjøna kva kulturminne som skal bevarast. Underarta er bevart, er det forvaltingsmåten for villrein, viltlevande rein av særskilt opphav eller spelet mellom jegeren menneske og byttet rein som skal takast vare på?
Menneske kan tenkja seg at særskilde genetiske variantar med bestemte innvandringsvegar er meir verdfulle enn andre variantar. Artsdatabanken reknar ikkje tamrein som semi-domestisert, men som domestisert, og tolkar retningslinene til IUCN, Den internasjonale naturvernunionen, slik at ville dyr av domestisert opphav ikkje kan reknast med når ei art skal vurderast for raudlista.
Viltlevande rein av reint tamreinopphav i Forollhogna og Rendalen vert difor ikkje rekna som villrein, sjølv om dei lever som villrein og trur dei er villrein. Likevel reknar Artsdatabanken reinen på Hardangervidda med 70 prosent tamreingen som vill.
Men reinen sjølv bryr seg ikkje om rasar, bukkane freistar para seg med alle, og simlene med den dei finn best, og evolusjonen vil velja dei som er best tilpassa i norske fjell under vilkåra som no gjeld. Dei talrike reinsdyra av vår underart er ikkje trua.
Eg klarar ikkje tolka meldinga annleis enn at viltlevande rein, jegeren og jaktkulturen må vera tenkt som Europas viktigaste kulturminne som må takast vare på. Sidan neandertalarar og menneske overlevde av å jakta og fiska på ogso mange andre arter, kan gjerne jakt-, fiske- og sankekulturen, og ikkje berre villreinjakta, like gjerne vera Europas viktigaste kulturminne. Det burde i alle høve vera det viktigaste norske kulturminnet, då ny forsking viser at rundt halvparten av gena til Ola Nordmann kjem frå dei fyrste jeger- og fiskarfolka.
Ogso samane var veidemenn, fiskarar og sankarar som hadde nokre få køyre-, lokke- og mjølkereinar.
Stortingsmeldinga drøftar ikkje årsaka til at her er so lite villrein. Årsaka er sjølvsagt tamreinindustrien. På 1500-talet var villreinbestandane jakta ned av nordmenn og samar. Samane nytta lurt nok høvet til å auka tamreinbestandane for å overleva. Tamreinindustrien er avhengig av å utrydda villreinen og dermed villreinjakta og den gamle samiske og norske villreinjaktkulturen.
I dag er om lag alt høveleg areal for villrein brukt av tamreinindustrien, av over 600.000 reinsdyr i Norden lever under 5 prosent fritt som grunnlag for Europas viktigaste kulturminne. Ogso samisk tamreindrift er kulturminne, eit modernisert, mekanisert kulturminne, men langt yngre enn villreinjakta, som var felles for alle.
Dei fleste samar arbeider i dag i same yrke som andre nordmenn, som fiskarar, bussjåførar, songarar og professorar ved Universitetet i Tromsø. Tamreindrifta nord for Dovre, som berre samar har tilgang til, men få kan leva av, vert difor svært viktig for samisk kultur, identitet og språk. Sympati for det samiske og økonomisk stønad over statsbudsjettet gjer dermed at reinsdyr berre kan leva fritt der urfolket ikkje etablerte seg.
Det opphavlege spelet mellom jeger og vill rein kan difor berre spelast i avgrensa område i Sør-Noreg. For å ta vare på denne kulturarven må utbyggingar stoggast og leveområde for reinen attvinnast. Åtgjerdene må vera mot utbyggingar, vegar, hus og motorisert ferdsel, ikkje ferdselsforbod mot vårt lette friluftsliv med turar, jakt og fiske som er ein del av kulturarven. Alle tamreinane kunne vera eit genreservoar for dei små ville bestandane.
Konklusjonen er at vår underart av reinsdyr ikkje er trua. Store samanhengande område utan infrastruktur, utan hus, vegar, reingjerde og motorisert ferdsel er trua. Vill rein og jakta på han er trua. Europas viktigaste kulturminne, jakt-, fiske- og sankekulturen, er trua. Det er like viktig å ta vare på vår lette bruk av naturen som turgåing, telting, dyreobservering, jakt og fiske, som på den ville reinen. Villreinmeldinga bør difor fylgjast opp med ei jakt-, fiske- og sankemelding.
Torstein Storaas er professor emeritus ved Høgskolen i Innlandet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?