JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Det trengst meir tvisyn i språkdebatten

Finn-Erik Vinje blei utpeikt som Mållagets fiende nummer éin – særleg fordi han var motstandar av sidemålsstilen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Biografen En språkets mann om Finn-Erik Vinje, skriven av Per E. Hem skaper debatt.

Biografen En språkets mann om Finn-Erik Vinje, skriven av Per E. Hem skaper debatt.

Foto: Morten Holm / NTB

Biografen En språkets mann om Finn-Erik Vinje, skriven av Per E. Hem skaper debatt.

Biografen En språkets mann om Finn-Erik Vinje, skriven av Per E. Hem skaper debatt.

Foto: Morten Holm / NTB

5612
20240405
5612
20240405

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Språk

Nokre ord omkring eit kjensleg kapittel i biografien om Finn-Erik Vinje.

Statsvitaren Per E. Hem har tidlegare skrive kritikarroste biografiar, mellom andre om Jørgen Løvland, vår første utanriksminister. No har han òg skrive ein solid biografi om Finn-Erik Vinje, En språkets mann.

Eg viser til bokmeldinga Arild Bye skreiv i Dag og Tid 23. februar 2024, informativ, sakleg, velformulert.

I Dag og Tid 8. mars har Ottar Grepstad eit innlegg til eit kjensleg kapittel i Hem sin biografi. Det gjeld åtaket på Finn-Erik Vinje i 1988. Bakgrunnen var denne: Særleg fordi Vinje hadde blitt motstandar av sidemålsstilen, blei han utpeikt som Mållagets fiende nummer éin. Ifølgje NRK-journalisten Astrid Versto til og med farlegare enn Riksmålsforbundet.

«Språkorakel»

På årsmøtet i Noregs Mållag gjekk leiaren Jon Låte til åtak på Vinje allereie i opningstalen: «Den stadig sterkare rikssynsinga i språkpolitiske spørsmål frå bokmålsaktivisten Vinje er med på å forsure norsk språkdebatt og styrkjer språkundertrykkinga. Med professortittel frå universitetet og språkkonsulenttittel frå NRK har Vinje ufortent svinga seg opp til språkorakel nummer ein her i landet. Bak eit dekke av objektivitet driv Vinje sin hatske propaganda mot nynorsk, dialektar og alt folkeleg språk.» Låte fann det uakseptabelt at ein slik farleg mann hadde hovudansvaret for språkbruken i NRK!

Per E. Hem skriv i biografien side 209 og frametter: «En av nynorskfolkets viktigste strateger het Ottar Grepstad. Som redaktør av nynorsktidsskriftet Syn og Segn hadde han bestilt en brannfakkel av en artikkel om Finn-Eriks makt og innflytelse. Forfatteren var Finn-Eriks tidligere student fra tiden i Trondheim, Tove Bull. Den kom på trykk i september 1988, og Bull viste seg å være minst like irritert på Finn-Erik som mållagsledelsen.» Men ifølgje Ottar Grepstad måtte «den språkpolitiske makthavaren Finn-Erik Vinje» tole ein slik «sakleg» og «kritisk» artikkel.

«Fekk desse andre meiningsdannarane like mykje juling som Vinje?»

Mobilisert motmakt

Tove Bull hadde vore styremedlem i Noregs Mållag, var i 1988 førsteamanuensis i nordisk språkvitskap i Tromsø og nettopp blitt leiar av Norsk språkråd. Ho var altså sjølv, for å tale med Grepstad, ein «språkpolitisk makthavar» og spela ei slik viktig rolle i den sterke motmakta som blei mobilisert for å svekkje omdømmet og posisjonen til «rikssynsaren» Vinje.

Det heitte seg at Tove Bull berre skulle skrive «ein sakleg og kritisk artikkel om den språkpolitiske makta denne mannen har». Slik blei det ikkje. Vinje-biografen Hem skriv: «Med dagens språkbruk er det nok riktigere å kalle artikkelen et forsøk på karakterdrap [...] farlig for hans omdømme og profesjonelle karriere.» Ifølgje Bull var Vinje si rolle som rikssynsar urimeleg, han var fagleg overflatisk, mangla både breidde og djupne (Hem s. 210) .

I Dag og Tid 8. mars kommenterer Ottar Grepstad biografien. Det gjeld kapittelet om åtaket på Vinje, Tove Bulls artikkel og bakgrunnen for artikkelen. Per E. Hem «tillegg meg hensikter han trur eg hadde», skriv Grepstad. «Hem psykologiserer og kallar artikkelen eit karakterdrap.» Det vil Grepstad gjerne avsanne og legg til: Hem «ser òg bort frå at dette var ein av fleire artiklar i tidsskriftet om sentrale meiningsdannarar med uformell og formell makt».

Det ligg da nær å spørje: Fekk desse andre meiningsdannarane like mykje juling som Vinje?

Tove Bull sa sjølv at ho berre skreiv «ein sakleg og kritisk artikkel om den språkpolitiske makta denne mannen har». Og Grepstad er heilt samd i dette: «Så sakleg var ho at Vinje fekk manuskriptet seks veker før det var trykt», opplyser han. Der stod det til dømes at «Vinje er ein betre journalist enn lingvist».

Omsyn blei altså vist. Han fekk på førehand vite at han skulle avrettast!

Grepstad verkar irritert på at Hem har brukt heile åtte boksider på Tove Bulls artikkel. Der vil alle kunne sjå at ho ikkje berre var ute i eit «sakleg og kritisk» ærend.

Reagerte sterkt

Den pensjonerte språkforskar og professor Einar Lundeby, «selve norsklæreren for flere generasjoner studenter», var ein av dei som reagerte sterkt på artikkelen: «Den er nemlig blitt helt og holdent et personangrep, og det i en tone som må kalles hatefull» (Hem s. 212).

Til dei som berre har lese kva Ottar Grepstad og andre «språkpolitiske makthavarar» på den sida meiner om Finn-Erik Vinje og biografien om han, vil eg til slutt sitere kva Per E. Hem (s. 213 og 214) seier om ein målmann som hadde si eiga meining:

«Til tross for at han var nynorskmann og hadde vokst opp midt i målrørsla, var ikke makkeren i Språkrøret, Olav Vesaas, i tvil om hvem han holdt med. Han ga Finn-Erik en alle tiders attest: Etter fjorten års samarbeid, med sending hver fjerde søndag året rundt, hadde han aldri oppdaget noen uvilje mot nynorskbrukere hos Finn-Erik.» Og Olav Vesaas la til: «Og eg er heller var på det punktet.»

Olav Vesaas har mellom anna skrive ein viktig biografi om sjølvaste Aasmund Olavsson Vinje. Eitt særmerke ved denne giganten var «tvisynet», evna til «å sjå på ein gong både retta og vranga i livsens vev», slik at ein kan «gråta med det eine auga og le med det andre».

Tove Bull og andre likesinna har teikna eit svært einøygd bilete av Finn-Erik Vinje. Med urette er han skildra som den store fienden av «nynorsk, dialektar og alt folkeleg språk».

Det er altså ikkje tvil om at det trengst meir tvisyn i språkdebatten framover.

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen
Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis