JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Draumen om eit mareritt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1283
20240614
1283
20240614

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Eg lèt att augo
fyller nasen med luft
lufta har oska
frå borna
som nett brann

medan dei flykta
eller kanskje
gav opp,
for å flykta
går ikkje lenger an.

Dei berre er der
i eit inferno
lèt kanskje flammane
sluka seg rå
utan ord.

For dei har allereie døydd
så mange gonger.
Dei lever
i helvete
på jord.

Eg høyrer tonar
frå ei trøystelaus
gravferd
ein seremoni
som ingen held.

Eg pustar inn
dei umisselege borna
oska svertar
men tenner òg
min eld.

Eg hadde aldri trudd
at eg skulle sakna
ei gravferd
for eit nystarta
liv.

At håpet var dradd ned
til det å senka
små kister
ned i jorda,
slik eg skriv.

At eg skulle håpa
at familien
i det minste
fekk knuga kvarandre
i si sorg.

At sjølv
eitt minutts stillheit
er utenkjeleg
i det undergravne
menneskeverdet
si borg.

Eg ber ei bøn
for den vesle kroppen
som ikkje lenger
er nokon kropp

sender ein takk
til den vesle sjela
som har mista trua
fordi ingen
sa stopp

Eg faldar hendene
rundt
dei små fingrane
tynnare enn stilken
på ein orkidé.

Du bad ikkje om mykje
vesle skatt,
kven er me som
svikta deg
for ein skrudd idé?

Eg hadde aldri trudd
at eg skulle sakna
ein flik av
menneskeverd i
eit evig mareritt.

Når det verste som kan skje
vert betre
enn det som
faktisk skjer
er håpet slite.

Tonje Noréa Gauden

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Eg lèt att augo
fyller nasen med luft
lufta har oska
frå borna
som nett brann

medan dei flykta
eller kanskje
gav opp,
for å flykta
går ikkje lenger an.

Dei berre er der
i eit inferno
lèt kanskje flammane
sluka seg rå
utan ord.

For dei har allereie døydd
så mange gonger.
Dei lever
i helvete
på jord.

Eg høyrer tonar
frå ei trøystelaus
gravferd
ein seremoni
som ingen held.

Eg pustar inn
dei umisselege borna
oska svertar
men tenner òg
min eld.

Eg hadde aldri trudd
at eg skulle sakna
ei gravferd
for eit nystarta
liv.

At håpet var dradd ned
til det å senka
små kister
ned i jorda,
slik eg skriv.

At eg skulle håpa
at familien
i det minste
fekk knuga kvarandre
i si sorg.

At sjølv
eitt minutts stillheit
er utenkjeleg
i det undergravne
menneskeverdet
si borg.

Eg ber ei bøn
for den vesle kroppen
som ikkje lenger
er nokon kropp

sender ein takk
til den vesle sjela
som har mista trua
fordi ingen
sa stopp

Eg faldar hendene
rundt
dei små fingrane
tynnare enn stilken
på ein orkidé.

Du bad ikkje om mykje
vesle skatt,
kven er me som
svikta deg
for ein skrudd idé?

Eg hadde aldri trudd
at eg skulle sakna
ein flik av
menneskeverd i
eit evig mareritt.

Når det verste som kan skje
vert betre
enn det som
faktisk skjer
er håpet slite.

Tonje Noréa Gauden

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis