Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Draumkvede i Setesdal

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3527
20171215
3527
20171215

SOGER

I oktober i år gav Bokbyen forlag i Tvedestrand ut to bøker med tittelen Meir gamalt or Sætesdal II og III. Bøkene byggjer på soger og utgreiingar av Torleiv Aakre (1880–1972) frå Valle i Setesdal. Desse stod i aviser og blad, serleg i bondepartiavisa Agder Tidend, frå byrjinga av 1900-talet, og til langt ut på 1950-talet. Dette kan ein sjå på som eit tillegg til Skars Gamalt or Sætesdal, difor den pretensiøse tittelen.

Her kan ein lese om to personar i Valle som kunne Draumkvede. Desse sogene er samla og tilrettelagde av Olav M. Holen og Kjell Erik Guddal.

Alle veit at Draumkvede er funne i Telemark. Eg hev tala med folk med god kjennskap til draumkvede-tradisjonen, som seier at Draumkvede, eller fragment av det, ikkje er funne utanfor Telemark.

I 1873 fekk Johannes Skar, på oppdrag frå Landstad, eit lite privat stipend for å leite etter Draumkvede i Setesdal. Reisa var ikkje så vellukka som dei hadde vona. Grunnen var nok at han leita i nedre del av dalen. Men Skar skjøna likevel at i Setesdal var det mykje interessant tradisjonsstoff å finne. Han kom attende året etter, og han vart buande i dalen mesteparten av livet. Resultatet vart storverket Meir gamalt or Sætesdal, som kom ut i åtte band frå 1903 til 1916, det året han døydde.

Skar fann ikkje restar etter Draumkvede i Setesdal, men det gjorde Torleiv Aakre. I desse artiklane av Torleiv Aakre, som stod i Agder Tidend, er Draumkvede nemnt to gonger. Det kan såleis ikkje vere nokon som helst tvil om at der var folk i Setesdal som kunne det så seint som i siste halvår av 1800-talet.

I Meir gamalt or Sætesdal II er det eit avsnitt på side 26 som heiter Slarve-Vilborg. Skar skreiv òg ein god del om henne, særskilt om dei stridane ho hadde med presten Gjellebøl, som hadde nekta henne nattverden. Men Torleiv Aakre hadde meir å fortelje om henne. Trass i det nedsetjande namnet – ho gjekk og bad seg (tigga) – var ho ei uvanleg klok kvinne som kunne lese og var heilt hol etter kunnskap. Ho kunne ei mengde med viser og soger, og sjølv dikta ho au.

Men det som er interessant i denne samanhengen, er at ho kunne heile Draumkvede. Diverre vart det aldri skrive ned, sjølv om omgangsskulelæraren, Torleiv Bjugson Aakre, tippoldefar til Torleiv Aakre, hadde tenkt at han ville gjere det.

Slarve-Vilborg var eit uekte barn av lensmann Knut Gunnuvson Kveste. I tillegg hadde lensmannen ei anna dotter som heitte Vilborg; dei var fødde i 1733 og 1734. Den andre Vilborg er ho som det stod om i visa Vilborg aa Kveste, som òg vart prenta i Landstads Norske folkeviser, der au Draumkvede stod.

Ein veit ikkje når Slarve-Vilborg døydde, men sidan ho var fødd i 1733 eller i 1734, levde ho sjølvsagt ikkje då Skar kom til dalen. Men det gjorde Anne Gunnuvsdotter Kveste, som vart gift til garden Nomeland i Valle. Det er verdt å merke seg at ho òg kom frå Kveste, og var i slekt med Slarve-Vilborg.

I Meir gamalt or Sætesdal III er det eit stykke om Olav Olavsson Nomeland, barnebarn til Anne. Her står det på side 48:

Olav fortalde at då han var ung, kunne bestemori lese opp gamle stev for han, når det høvde slik. Seinare, då han fekk høve til å lese Draumkvede, høyrde han at det var det ho hadde lese for han.

Olav Nomeland, som var fødd i 1858, var fullt vaksen då bestemori døydde i 1880. Då hadde Skar alt vore i Setesdal i sju år. Det gjekk nokre år før han kom i gang med innsamlingi lenger oppe i dalen. Hadde han starta i Valle, ville det truleg ha funnest ein setesdalsversjon av Draumkvede.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.

Foto: Anne Valeur

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Fugl føniks

Hayden Powell har brukt ventetida godt.

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis