Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Ei anna historie

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2574
20171201
2574
20171201

BISTAND

I Dag og Tid 24. november seier Terje Tvedt at bistand og multikultur «har overmanna samtidas forståing av seg sjølv». Det er ikkje vanskeleg å sjå at han har dokumentasjon for påstanden. Og det biletet av oss sjølve vi sit att med, er det ikkje råd å vri seg unna. Det fortvilte er at det ikkje lèt til å vere noko vi kan gjere med det. Eller er det noko Tvedt ikkje ser?

Elitens «internasjonale gjennombrot» vert profilert mot 1800-talets «nasjonale gjennombrot», og der finn vi Jens Arup Seip. Etter eit vidgjete foredrag i 1963 vart Seip nærmast over natta forelda, hevdar Tvedt. Skissa hans av 1800-talet syner likevel at han aksepterer Seips historieforteling. Korleis har den forteljinga vorte til? Hos Tvedt høyrer vi om den nye eliten, men ikkje noko om «folk». Men det gjer vi heller ikkje hos Seip. Det kan synast som det var i Seip si samtid den nye eliten vart etablert. Det er i alle høve det vi kan slutte av Fredrik Thues artiklar om Seip i Historisk tidsskrift 1–2/2016. Med omgrepet «modernisme» freistar han å fange inn dei karakteristiske trekka, mellom anna tendensen «til å oppfatte kunnskap og forståelse som en eksklusiv kompetanse for en innviet elite». Det allmenne publikum som hadde vore den primære adressaten tidlegare for kunstnarar og akademikarar, vart ringeakta. Modernistane vende seg til kvarandre, dei innvigde, og søkte anerkjenning berre frå dei.

Biletet Thue teiknar, verkar overtydande, i alle høve for nokre av oss som har opplevd tida. Det var livsnerven i Wergelands, Bjørnsons, Sars’ og Kohts fellesskap denne generasjonen snudde ryggen til. Sjølvsagt ikkje som studieobjekt, men som eit «vi» å identifisere seg med. Av dette følgde ei historieforteljing som vi framleis held oss med. Kan hende er det her vi finn grunnen til den fortvilte situasjonen vår. Då treng vi ei anna historie. Men kan vi velje ei historie? Må vi ikkje søke sanninga, finne ut korleis det eigentleg var, slik Ranke sa?

Nietzsche forkasta heile den platonsk-kristne tradisjonen som gav oss vitskapen og moderne historiegransking. Slik han såg det, kjøver dette livet og fridomen. Det kristne kjærleiksbodet er løynd maktmiddel. Er dette sanninga om bistanden? Nietzsche er nådelaus, vi slepp ikkje unna. Men følgjer vi han slik Gianni Vattimo gjer, mellom anna i After Christianity (2002), kan vi sjå noko som var løynd for Nietzsche. Den guden han sa er død, er filosofanes gud og ikkje Bibelens. Det gjer sjølvoppgjeret til å bere og arbeidet med ei anna historieforteljing mogeleg og meiningsfylt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kristin Harila fekk vondt i ryggen og snudde. Ho nådde ikkje Sørpolen åleine på ski i 2024.

Privat / Handout

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

Meldingar
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis