Ei norm for heile landet
NYNORSK
I Dag og Tid nr. 46 hevdar Arvid Langeland at eg ikkje kan ha vore så nøgd med resultatet rettskrivingsnemnda kom fram til i 2012, sidan eg har vore med og laga ei ordliste med tittelen Enkel nynorsk ordliste. Det får vere hans tolking. Eg var sekretær for nemnda og hadde ikkje stemmerett, men eg er godt nøgd med at rettskrivingsnemnda kom fram til ei midtlinjenorm som svært mange kunne godta. Nynorsken har hatt mykje valfridom, og når ein skulle avvikle systemet med hovudformer og klammeformer, var det nødvendig å redusere talet på former, men behalde ein del valfridom – elles ville den nye norma ha vore framand for mange som har brukt og bruker nynorsk.
Samtidig har eg sett at det er mange som strevar med å skrive nynorsk, fordi dei har lese lite nynorsk og hatt for dårleg opplæring i målforma. Eg har også hatt nynorskkurs for mange byråkratar som skal oppfylle kravet om språkleg jamstilling i staten. Ofte har eg fått høyre at valfridommen i nynorsk gjer det endå vanskelegare å skrive nynorsk. Til desse skal Enkel nynorsk ordliste vere eit tilbod.
Formene vi har brukt i Enkel nynorsk ordliste, er alle innanfor den nye rettskrivingsnorma. Langeland, derimot, har laga ei rettskriving der han har teke inn former som ikkje har hatt nokon plass i den offisielle rettskrivinga sidan før krigen: tenkjing og leggjing osv. Langeland har med andre ord laga si private rettskriving til nynorskbrukarane, og meiner at det er den som er best for oss alle.
Etter mi meining bør nynorskbrukarar flest framleis utnytte den romslege norma frå 2012 – den du finn i Nynorsk ordliste og i Nynorskordboka på ordbok.uib.no. Dei som treng hjelp til å velje fordi dei synest valfridommen blir overveldande, kan velje Enkel nynorsk ordliste. Der har vi valt former som er mest mogleg systematiske; det har vi gjort greie for i minigrammatikken i boka.
Langeland meiner at nynorsken i Enkel nynorsk ordliste «med få undantak skil seg minst mogleg ut frå bokmål». Det får stå for hans rekning. Eg har brukt norma i Enkel nynorsk ordliste i dette lesarinnlegget. Vidare meiner han at eg er på kollisjonskurs med Aasen sitt syn på landsmål i tydinga eitt mål for heile landet. Eg trur nok ganske sikkert at Enkel nynorsk ordliste ville passe betre for «heile landet» enn Langelands ordliste, om folk skulle velje ei trong norm. Men det primære tilbodet mitt til «heile landet» er stadig norma i den gule Nynorsk ordliste frå 2012, som er gjeldande rettskrivingsnorm for nynorsk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.