Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Ei plage for sinnet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vannkunsten i Bjørvika. Her bur eg, med Barcode bak meg som ein Lofotvegg, skriv Åsulv Edland.

Foto: Torstein Bøe / NTB

3702
20210618
3702
20210618

Arkitektur

Det har vore interessant å lesa artiklane om arkitektur der Ulf Andenæs går frå «Respekt for landskapet» til forbod mot tilpassing, og han sluttar med det mest alvorlege: «Ei plage for sinnet», som du kan lesa her. Skal vi oppfatte han rett, så kan det vel i verste fall tyde at arkitektoniske utformingar rett og slett kan føre til sjukdom på sinnet.

Når vi fylgjer med i ordskifta om ein del nye monumentale bygg, gjerne offentlege, så får vi inntrykk av at det går på helsa laus for ein del når dei ser styggedommen. Det meste omtalte bygget i nyare tid er det nye Munchmuseet som blir opna 22. oktober. Andenæs nemner det ikkje med eit ord i sine tre artiklar, men han brukar spalteplassen og eit stort foto på eit anna sterkt kritisert bygg, Nasjonalmuseet. Det har blitt bruka så sterke orde om desse to bygga at ein må tru det har gått på helsa laus for mange. Men kva hjelper det om Ulf Andenæs og vi andre (ikkje alle) skrik og ber oss? Arkitekten, juryen og politikarane vil ha det slik. Og då blir det slik.

Estetikk er eit vanskeleg framandord. Andenæs skriv om moderne bygg som kan vera som ein skulptur. Guggenheim-museet i Bilbao er som ein skulptur i rustfritt stål, imponerande og flott! Eg skulle ynskt at Munchmuseet hadde noko av det i seg. Men toget har gått. Siste året har eg budd nokre meter frå Munchmuseet i Bispevika, og eg har meldt meg inn i venneforeininga. Eg har ikkje tenkt å ergre meg over det bygget resten av livet.

Eg kom hit til Vannkunstens bygg i Bispevika våren 2020 frå Marienlyst, der eg har budd i over 20 år. Blokkane her er sterkt prega av ein annan arkitekt som Andenæs gjev brei omtale, den sveitsiske arkitekten Le Corbusier. På rad og rekkje ligg blokkane langsmed Kirkeveien frå Blindernveien og ned til Majorstuen. Desse store firkanta blokkane med 80 leilegheiter i kvar blokk blir sett på som ei av dei mest typiske utformingane etter Corbusier-stil. Blokkane blei bygde i 1938/39, om lag samtidig, og litt i same stil som det freda Kringkastingshuset. Det var fint å bu her. Alle leilegheitene hadde peis og eikeparkett (heil ved) på alle golv, og alle hadde kjøleskåp drive med gass frå anlegget i kjellaren.

I 2014 var eg på Guggenheim-museet i New York. Der var det ei ustilling om Le Corbusier, der det blei fortalt om hans nære kontakt med fascismen og nazismen, men det har ikkje vore til hinder for at han hadde stor arkitektonisk påverknad. Eg kan ikkje seia eg kjende noko nazistisk straumdrag då eg budde i ein av blokkane på Marienlyst, slik ein del meiner vi skal merke at Hamsun var nazist i alt han skreiv. Eg er usikker på om desse blokkane er bygde med respekt for landskapet. Avstanden herifrå til Sørenga, Bjørvika, Bispevika eller kva dei no kallar det, er stor i tid og rom. Her var ikkje noko særleg landskap å ha respekt for, og det mest verneverdige av bygningar er ruiner frå vår stolte middelalder. Her har dei bygt ein moderne bydel som vi ikkje har sett maken til her i landet, og framom Barcode ligg blant anna Vannkunsten, med åtte hus med møne der vegger og tak er dekte med skifer frå Oppdal. Og der bur eg. Det er det danske firmaet Tegnestuen Vandkunsten som har teikna hus som dei seier er inspirerte av norske gardstun. Og når eg spør om dei er Danmarks svar på Snøhetta, svarar dei: ­– Vi er meget bedre!

Mellom Barcode og Vannkunsten går Dronning Eufemias paradegate inspirert frå Middelalderen. Her bur eg, i Vannkunsten, med Barcode bak meg som ein Lofotvegg, ein enkel gut frå landet, der tømmerhusa med fjøs, loft og stove, alt i tømmer, låg etter kvarandre oppetter lia. Større kan ikkje avstanden bli. Eg burde vel blitt plaga på sinnet, men det er eg ikkje.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis