Ein av dei beste Noreg har sett
Programleiar Fredrik Solvang i Debatten i NRK.
Foto: Vidar Ruud / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Debatten
Andreas Hompland og underteikna er samde om ein ting. At Fredrik Solvangs Debatten er godt TV.
Med patos svingar Andreas Hompland den retoriske pisken i Sideblikk-spalta hos Dag og Tid. At Debatten sette fattigdom på dagsordenen og inviterte fattigfolk i studio, har falle den gamle radikalaren tungt for brystet.
Godt TV, men dårleg samfunnsdebatt, er dommen.
Då er vi i alle fall samde om at Debatten er godt TV. Eg meiner det var god samfunnsdebatt også, midt i innspurten av drøftingane av statsbudsjett.
Som SVs Audun Lysbakken observerte: Det var i Debattens-studio søkelyset skifta til opplevd fattigdom under innspurten av forhandlingane om årets statsbudsjett.
Men det å sette dagsorden er visst ikkje eit vesentleg kvalitetskriterium i Homplands karakterbok. Han er mest opptatt av «dramaturgi», fattige i studio gjer at politikarane er «dømt til å tape». Mens køane hos Frelsesarmeen blir lengre og prisane stig, må Homplands «hjelparar» fram med puta når vanlege folk inntar studio. Det er sosialpornografi som polariserer. Nokon vaksne i NRK må «griba inn».
Vel, vi lyttar til råd og innspel. Og ønskjer å bli stadig betre. Eg skal ikkje kommentere alt som kjem fram på julebordet til hjelparane i Homplands originale sjanger. Men her er eit par ord om Debatten og kva NRKs debattredaksjon prøver å få til:
Debatten er ein stor fellesarena for samfunnsdebatt, ein av få vi har igjen her i landet. Det meiner vi er av demokratisk verdi. I NRKs debattredaksjon bygger vi fellesarenaer som skal famne breitt og nå mange. Dagsnytt 18, Ytring, Politisk Kvarter. Og Debatten.
Verdien av slike arenaer kan knapt overvurderast i ei tid der ekkokammeret regjerer. Fellesarenaer, felles opplevingar og felles dagsorden er knappheitsgode i 2022. Det er i kjernen av NRKs samfunnsoppdrag å legge til rette for det. Og det høyrer med i debatten om Debatten.
Å legge til rette for breie debattar på store fellesarenaer er det motsette av å polarisere, det er å inkludere. Sjølv når det provoserer.
Det er dette Fredrik Solvang og Debatten lukkast med.
Fellesarenaer må vere store, for å vere felles. Derfor må vi engasjere – ungt og breitt, høgt og lågt. Det er ikkje manipulasjon, det er TV-regi. Regi når det gjeld temaval, val av gjestar, oppsett i studio. Det er vår jobb å gi publikum ei best mogleg oppleving.
Tidvis har vi «vanlege folk» i studio. Levande menneske, med reelle problemstillingar, det har vi tenkt å halde fram med.
Og vi ønskjer at heile breidda av meiningar skal vere representert i Debatten. Vi vil inkludere, ikkje ekskludere, ikkje kansellere.
Debatten er ikkje eit einmannsshow. Fredrik Solvang har en redaksjon i ryggen. Alle sendingar er produkt av grundige redaksjonelle prosessar. Homplands antydning om at Debatten handlar om iscenesetting av programleiaren er feil.
Fredrik Solvang frontar NRKs journalistikk gjennom Debatten og er ein av dei beste debattleiarane Noreg har sett. I NRK er vi stolte av måten han forvaltar oppgåva og ansvaret på.
Knut Magnus Berge er
redaktør for nyhendedivisjonen
i NRK.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Det er ikkje manipulasjon,
det er TV-regi.»
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.