Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Ein viktig dialog for kyrkja og for samfunnet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I 2009 var Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn samla framfor Stortinget for å fordømma valdelege opptøyar og stigmatisering av jødar og muslimar. F.v.: Senaid Kobilica, Islamsk Råd Norge, Anne Sender, Det Mosaiske Trossamfund og Olav Fykse Tveit, Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

7880
20171006
7880
20171006

DEN NORSKE KYRKJA
OG ISLAM

Terje Tvedt gjev i Dag og Tid 38/2017 eit ganske interessant, men nokså avgrensa historisk resymé av Den norske kyrkjas initiativ til dialog med muslimske organisasjonar i Noreg sidan starten av 1990-talet. Det er ein god del rett i det han skriv, men det er ein del vesentlege poeng og hendingar han ikkje tek med. Difor vert også hans perspektiv på kva ein vil med dette, noko ufullstendig.

Det er relevant (som Tvedt gjer) å sjå dette dialogarbeidet i lys av debattar og utvikling i det internasjonale felleskyrkjelege (økumeniske) arbeidet, ikkje minst i Kirkenes Verdensråd. Det vart lagt mykje vekt på at kyrkjene må bidra til dialog for betre gjensidig forståing og respekt. Erfaringar frå ulike delar av verda tilsa at interreligiøs dialog var nødvendig for å skape tillit som kunne legge grunnlag for fredeleg samliv og sameksistens mellom ulike religiøse grupper.

Då talet på muslimar og muslimske trusorganisasjonar auka kraftig i Noreg på 80-talet, var det mange gode grunnar til å prøve å etablere nokre faste rammer for kontakt mellom dei og Den norske kyrkja. Det var også ønskjeleg å ha eit interreligiøst forum for å ta opp vanskelege spørsmål som gjaldt forholdet til styresmaktene og deira handtering av nye utfordringar i eit fleirreligiøst samfunn. Dessutan ønskte ein å ha gode rammer for samtale om vanskelege verdispørsmål mellom kristne og muslimar i Noreg.

Prest og seinare professor Oddbjørn Leirvik gjorde ein uvurderleg innsats for å kartleggje dei muslimske trussamfunna og for å leggje til rette for slike kontakt. Då vi frå Mellomkyrkjeleg råd (MKR) innkalla til det fyrste kontaktmøtet, var det å gå opp nye vegar, men initiativet hadde god støtte frå leiande krefter i kyrkja. Biskop Andreas Aarflot heldt på møtet i 1992 ein substansiell og tydeleg tale om kyrkja sine intensjonar for dette arbeidet, i tråd med det som her er nemnt ovanfor.

Slike tillitsskapande tiltak i denne perioden var ikkje spesielt for Noreg. Liknande tiltak vart sette i verk til dømes i Sverige og i Storbritannia. Det siste med høgt profilert engasjement av den kjende teologen Rowan Williams, erkebiskopen av Canterbury. Han gjekk lenger enn mange andre i å foreslå kva rettar muslimar skulle ha i Storbritannia. At det ikkje var etablert ein slik fast kontakt mellom muslimar og kyrkje i Danmark, vart seinare ei stor utfordring når det vart ei krise. Dette har vorte sagt direkte frå leiande hald i dansk kyrkjeliv.

At invitasjonen (til dette møtet med Den norske kyrkja) til alle dei kjende muslimske trussamfunna i Noreg i 1991 førte til at mange av dei organiserte seg i Islamsk Råd Norge (IRN), vart i neste omgang nyttig for kyrkja sin organiserte dialog med dei vidare. Vi har sett at også styresmaktene sin dialog med dei om aktuelle spørsmål om trusfridom, religiøse rettar i Noreg, religionsundervisning m.m. har hatt nytte av at dei var organiserte i eit felles råd. Det kan tene eit ope og demokratisk samspel med sivilsamfunn og religiøse aktørar. Det har vore viktig for Mellomkyrkjeleg råd å bidra til religiøs fridom, toleranse og lik behandling frå styresmaktene. Dette er også gjort ut frå kyrkja sine eigne verdiar og målsetjingar. Difor støtta MKR at Islamsk Råd vart eit anerkjent organ i Noreg og gitt offentleg støtte.

Det betydde sjølvsagt ikkje at kyrkja var samd i det rådet sa og gjorde i eitt og alt, eller at vi var glade for alt dei sa eller gjorde som einskildpersonar. Slik er det i dag også. Dialog er å snakke med dei andre – også dei som har andre oppfatningar og verdiar enn ein sjølv. Det normale i slike dialogar er å finne ut både kva ein kan stå saman om og korleis ein handtere forskjellar og motsetnader.

Tvedt har ikkje med i si vurdering at kontaktgruppa mellom IRN og Den norske kyrkja har tatt opp vanskelege emne. Det har vekt ganske stor internasjonal interesse at den norske kontaktgruppa i perioden 2007–2011 presenterte rapportar om så vanskelege emne som rett til å velje og skifte religion (konvertering), vald i nære relasjonar og farane ved religiøs ekstremisme. Dei rapportane som vart laga om konvertering og vald i nære relasjonar, har også ført til internasjonal kritikk av IRN, men leiarar derifrå har forsvart standpunkta sine med at dei lever i eit demokratisk samfunn der dei må ta opp slikt. Det var jo spørsmål som også var krevjande for Den norske kyrkja med tanke på til dømes forhold mellom kristne og muslimar i andre land, og at vald i nære relasjonar skjer i stor grad også i familiar som tilhøyrer vår kyrkje.

Tvedt nemner heller ikkje at Den norske kyrkja i nokre konkrete tilfelle har offentleg kritisert IRN og leiarane deira, slik til dømes dåverande generalsekretær i MKR (Olav Fykse Tveit) gjorde i ein offentleg debatt om dødsstraff for homofile (2008). Det førte ikkje til brot i samtalene, men utspelet vart diskutert grundig i møta.

I den såkalla karikaturstriden vart relasjonen til Islamsk Råd viktig, men det er ofte ei karikert forteljing som vert referert. Kontaktgruppa gav tidleg ein felles uttale i tre punkt: 1. Ja til ytringsfridom som ein del av demokratiet. 2. Ei sterk oppmoding om å bruke ytringsfridomen med klokskap og respekt for andre si tru. 3. Nei til all form for vald som legitime svar på kritiske ytringar. Dette dempa spenningane i Noreg. Mellomkyrkjeleg råd uttrykte aldri ein kritikk av prinsippet om ytringsfridom, men understreka at alle må vurdere innhald og effekt av det ein uttrykkjer og trykkjer. Saman med IRN uttrykte MKR at trykkinga av karikaturane av Profeten ikkje var eit uttrykk for konflikt mellom kristne og muslimar i Noreg. Vi veit at dette dempa aggresjonen mot nordmenn og norske institusjonar til dømes i ein del område i Midt-Austen.

Kyrkja ville ut frå grunnleggjande kristne verdiar aktivt byggje eit fellesskap i Noreg der truande av ulike religionar lever godt saman. Mellomkyrkjeleg råd såg at det var viktig å gjere noko konkret for å skape gjensidig tillit, ikkje minst fordi det var mykje skepsis og uro overfor den veksande gruppa av muslimar i Noreg, og at enkelte miljø nørte opp under generell hets mot muslimar. Det fanst (og finst) også innanfor kyrkja, men ikkje spesielt mykje i krinsar av aktive kristne. I kritiske fasar med offentleg muslimhets og stigmatisering hadde vi også viktige markeringar saman med misjonsleiarar som, ut frå erfaringar frå andre land og kulturar, hadde forståing for korleis interreligiøst samspel og samkvem må gå føre seg.

Det er grunn til å uttrykke støtte til det arbeidet som vert gjort i dag. Det har aldri vore enkelt for nokon av partane, men det synest meir krevjande no enn i andre tidlegare fasar. For kyrkja si skuld er det viktig om det kan halde fram i forpliktande rammer, ærleg og ope, utan at all samtale internt skal formidlast offentleg. Det er eitt av poenga med ordna former for dialog.

Strategien har ikkje vore å etablere dialog for å unngå religionskritikk. Men det har vore ein klar intensjon frå kyrkja si side å ha ein fast dialog for å kunne ta opp aktuelle spørsmål om kultur og religion, begge vegar. Då må ein også snakke om vanskelege spørsmål. Kor vidt det er tenleg å offentleg kritisere enkeltpersonars meiningar, må vurderast i dei enkelte tilfella.

Vi lever i ei tid der mange krefter bidrar til meir polarisering og større avstand mellom ulike grupper, også med basis i religiøs identitet. Det skjer både i vårt norske samfunn og i verda elles. Dialogarbeidet er ikkje gjort ukritisk og i naivitet. Tvert imot, det ville heller vere å ikkje ta vare på kyrkja si oppgåve og kyrkja sine interesser om ein ikkje prøver å ha ein seriøs dialog mellom Den norske kyrkja og muslimske trussamfunn i Noreg.

Olav Fykse Tveit er generalsekretær for Kirkenes Verdensråd og Trond Bakkevig er sokneprest og prost i Vestre Aker kyrkje.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.

Foto: Anne Valeur

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Fugl føniks

Hayden Powell har brukt ventetida godt.

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis