Elevane fortener lærarar med kunnskap i kunst og handverk, og musikk
Elevane treng ein allsidig skulekvardag som gjev dei rom for å utfalda skaparglede og engasjement!
Foto: Frank May / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Utdanning
Me har ikkje lykkast dersom me endar med ein skule som berre har kompetanse i få fag.
Kompetanse i faga kunst og handverk og musikk vert stadig større mangelvare i skulen. Det er få som vel desse faga i lærarutdanningane, og lærarane med utdanning i desse to faga vert stadig eldre. Skuleeigarar og rektorar på heile Vestlandet erkjenner også den same røynda – at det er eit aukande behov for lærarar som kan kunst og handverk og musikk.
Nyare tal frå Statistisk sentralbyrå viser at om lag 50 prosent av lærarane i musikk og kunst og handverk ikkje har utdanning i desse faga. Blant dei som snart nærmar seg pensjonsalderen, er det mange med fordjuping i musikk og kunst og handverk, men blant dei nyutdanna ser me ein klar tendens: Det faglege fundamentet for dei estetiske faga i skulen forvitrar i høgt tempo.
Forsking syner at undervisning utan kompetente lærarar kan ha negativ effekt på elevane si læring, utvikling, sjølvtillit og trivsel på skulen. I musikk og kunst og handverk risikerer ein at delar av faget vert valt vekk fordi læraren ikkje har tilstrekkeleg kompetanse, eller at elevane vert sett til «kreativ koseaktivitet» utan fagleg oppfølging.
Det er elevane og samfunnet som vert taparane, då me vil mista verdifull kunnskap om til dømes idéutvikling, eksperimentering og estetikk, som me treng for å skapa i framtida. Gjennom faga kunst og handverk og musikk lærer elevane å uttrykkja seg i andre medium enn det tekstlege. I kunst og handverk skal elevane arbeida med innovasjons- og designprosessar, ulike materiale og reiskapar, og øve opp evne til å lesa, forstå og bruka det visuelle språket. I musikk er spel, song og dans sentralt saman med å laga, forma og forstå eit mangfald av musikalske uttrykk. Samspel på instrument, improvisasjon og stemmebruk er andre element i faget.
Lærarar i musikk og kunst og handverk innehar også viktig tverrfagleg kompetanse som kan nyttast i læring i alle faga. Elevane treng ein allsidig skulekvardag som gjev dei rom for å utfalda skaparglede og engasjement! Læreplan for grunnskulen seier nettopp dette, at skulen skal gje elevane moglegheiter til å læra og utvikla seg gjennom sansing og tenking, estetiske uttrykksformer og praktiske aktivitetar.
Kva skal så til for at elevane får kvalifiserte lærarar, som dei har krav på?
Skuleeigarane har eit stort ansvar. Deira prioriteringar påverkar etter- og vidareutdanningstilbodet rundt om i landet, og fagval i grunnutdanninga. Dette skjer mellom anna gjennom utlysingar av ledige stillingar. Her bør skuleeigarane vektleggja faga musikk og kunst og handverk.
For å få fleire nyutdanna lærarar med sårt etterspurd kompetanse, må lærarutdannarane sikra at alle studentar får høve til å velja musikk eller kunst og handverk i si utdanning. Studentane sine fagval må sjølvsagt basera seg på studentane sine interesser, men fagval må òg møta behova ute i skulen. Me har ikkje lykkast dersom me endar med ein skule som berre har kompetanse i få fag.
Til slutt, for å hindra at kompetanse i musikk og kunst og handverk gradvis forsvinn ut av den norske skulen, må også politikarane på bana. Regjeringa har uttalt at kunst og handverk og musikk bør styrkjast i skulen, og då bør det koma midlar på bordet til å styrkja dei estetiske faga i lærarutdanningane, og til å betra tilbodet om etter- og vidareutdanning!
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.