Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Er nynorsk noko politisk, Dag og Tid?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3014
20210806
3014
20210806

Nynorsk

Dag og Tid nemner seg sjølv som «fri vekeavis for kultur og politikk», men er ho så fri at ho au handlar om politikk som har fylgjer for nynorsken? Det er i tilfelle om lag usynleg for lesarane.

Framfor stortingsvalet 13. september har Dag og Tid i ein lang serie analysert (bokmålsutgåvene av) dei valprogramma som stortingspartia vedtok på landsmøta sine i vår. Har Dag og Tid her nytta høvet til å meina eller signalisera at politikk for meir og betre nynorsk er særleg viktig, mellom anna i akkurat dette stortingsvalet, der me i Noreg har sjansen til å gjera oss meir sentrale, på kostnad av det rikingsjiktet i Oslo som har gjeve oss rolla som periferi? Nei. Etter det eg har sett, har Dag og Tid ikkje i det heile kommentert korleis partia legg vekt på målpolitiske emne i programma sine. Ikkje i det heile.

Interesserer det Dag og Tid kva fylgjer den komande nye opplæringslova kan få eller bør få for nynorsken og elevane? Bryr det Dag og Tid kva Lands­samanslutninga av nynorsk­­kommunar (LNK) gjer og ikkje gjer i møte med andre tverrkommunale organ og med staten? Korleis synest Dag og Tid at Noregs Mållag spelar korta sine andsynes dei politiske partia og utdanningsbyråkratiet? Kvifor greier ikkje Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet å tryggja at lærarstudentane og elevane her i landet lærer seg nynorsk godt? Korleis bør eit statsorgan som Universitetet i Oslo bøta for at det bryt mållova så det syng etter? Kvifor skriv næringsmiddelkonsernet Nortura – eit samyrke som norske distriktsbønder eig, og som har kjende varemerke som Gilde og Prior – dei fleste varetekstane og oppskriftene sine på stivt vestkantbokmål, til dømes med nemningar som lammestek med ben, røkt svinekam med ben og surret svinestek [sic]?

Me lesarane kan ikkje vita kva Dag og Tid meiner eller finn ut redaksjonelt om desse og mange andre tenkjelege stridsspørsmål, for avisa skriv mindre enn ørlite om det. Tenk om avisa Klassekampen skulle vera for den klassekampen som avisa har namnet sitt etter, men nesten aldri skreiv om han. Tenk om Dag og Tid ville vera for den målstriden som det norske målet treng. Tenk om Dag og Tid ville påverka han med å skriva om han.

Eit døme: Kva ville ha hendt i dag i Dag og Tid om Vestland fylkeskommune hadde nekta å kjøpa inn eit visst kontorstøtteprogram til bruk i den fylkeskommunale vidaregåande skulen, om det ikkje var like godt og like tilgjengeleg på nynorsk som på bokmål? Hadde saka fått nok omtale for Dag og Tid om til dømes Dagsavisen alt hadde prenta ein bortgøymd notis om nektinga?

Kva signal trur Dag og Tid det vil senda til andre medium og til det politiske feltet, dersom avisa gjer den politiske målsaka viktig veke etter veke, slik Nationen skriv dagleg om landbruket, Vårt Land om truslivet og Klassekampen om arbeidslivet (og klassekampen …)? Kan henda at nynorsk er viktig? At nynorsk handlar om det grunnleggjande for det norske samfunnet?

Erlend Bakke er medlem i Noregs Mållag.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Celeste Dalla Porta spelar hovudrolla som Parthenope, som i gresk mytologi er ei sirene.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Årets dårlegaste?

Verken innhald eller bodskap gjev meining i Paolo Sorrentinos siste rampestrek.

Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.

Foto: Spartacus

BokMeldingar
TomHetland

Fall og vekst i Sør-Atlanteren

Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.

I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Talknusaren og den store avsporinga

For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis