Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Er Taiwan ikkje lenger Republikken Kina?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4024
20250110
4024
20250110

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Sjølvstende

Professor Halvor Eifring har skrive tre artiklar om Taiwan i Dag og Tid som samla sett er eit partsinnlegg for skipinga av ein taiwansk nasjonalstat.

 Vestlege medium har dei siste åra lett fordekt teke til orde for taiwansk sjølvstende, og hevdar at det er Folkerepublikken Kina, med sitt meir enn 70 år gamle krav om Taiwans gjenforeining med fastlandet (inntil for kort tid sidan også delt av Republikken Kina, som Eifring omtalar som landet Taiwan), som er aggressiv. Kinas synspunkt er støtta av FN og alle dei 181 nasjonalstatane som landet har diplomatisk samband med.

 Nemninga «den sjølvstyrte og demokratiske øya Taiwan» går att. Underteksta er Taiwans blømande demokrati sett opp mot Kinas kvelande diktatur, som berre eit sjølvstendig Taiwan kan reddast frå. Det er trist at slike karikaturar får breia seg, til fordel for ei nyansert framstilling av den kinesiske sivilisasjonen, som folk på begge sider av Taiwansundet tilhøyrer.

Republikken Kina har eit politisk system som i dag liknar vårt, men det meste av tida sidan skipinga i 1912 var det ein autoritær og korrupt eittpartistat. Men at Taiwans politiske system liknar vårt, kan ikkje vera eit argument mot gjenforeining og for sjølvstende.

Om kulturell kontinuitet med arven frå fortida var viktig, kunne ein hevda at Folkerepublikkens planmessige, langsiktige og ganske inkluderande eittpartistyre har langt meir sams med keisartidas i hovudsak kompetente byråkrati enn ymse asiatiske tidvis kaotiske kopiar av vestlege fleirpartidemokrati, Taiwans inkludert.

Sjølvstyre kan heller ikkje vera eit kriterium for suverenitet, for ei rekke nasjonalstatar har regionar med stor grad av sjølvstyre, utan ambisjonar om lausriving.

Folkefleirtalet på Taiwan ynskjer ikkje å bli del av Kina, medan bortimot alle kinesarar på fastlandet ynskjer ei gjenforeining.

Det er oftast realpolitikk, og ikkje folkeviljen, som avgjer oppretting av statar, annektering eller avståing av territorium; Kosovo blei ein stat, Catalonia blei det ikkje.

Eifring og andre gjer eit billig poeng av at Taiwan aldri har tilhøyrt Folkerepublikken Kina; det var forresten like «sant» at Taiwan ikkje tilhøyrte Republikken Kina ved skipinga i 1912.

Kvart år blir det her i landet publisert om lag 100 bøker om den femårige, ganske milde tyske okkupasjonen av Noreg; ein bokstraum kanskje for å handsama det store norske okkupasjons- og fornedringstraumet. For dei fleste kinesarar er eit ikkje gjenforeint Taiwan, og dermed eit delt Kina, ei påminning om eit liknande og mykje større traume som varte i over 150 år, med alt det førte med seg av okkupasjon, politisk kaos og dramatisk nedgang i levestandard.

Taiwan var underlagt keisarriket Japan i 50 år og deretter dominert av USA. Taiwan er ein viktig del av USAs militærstrategi i Asia. Folkerepublikken Kina har frå skipinga i 1949 av assosiert seg med land og folk som har frigjort seg, eller vil frigjera seg, frå kolonialisme og imperialisme. Desse har ingen problem med å forstå det emosjonelle argumentet: Eit delt Kina er arven frå ein uavslutta borgarkrig, og gjenforeining av Taiwan med fastlandet er det endelege oppgjeret med ein historisk urett og punktum for ei nasjonal fornedring.

Taiwan er i eit dilemma. Det grunnlovsfesta namnet er Republikken Kina. Territoriale krav ifylgje grunnlova er langt meir ekspansive enn Kinas; det står Republikken Kina på pengesetlane, og flyselskapet heiter China Airlines. Men i den augneblinken ein endrar namn og proklamerer sjølvstende, kan ein vera trygg på at Kina aldri ville akseptera det; dess meir Taiwan promoterer sjølvstende, dess fjernare og mindre realistisk er målet.

Ingen land støttar opent Taiwans aspirasjonar om å etablera ein nasjonalstat; det ville vore utanrikspolitisk sjølvmord i ei verd der Kinas industri, tekniske nyvinningar, handel og diplomatiske nettverk har ein dominerande posisjon. Eifrings politiske ynske om eit sjølvstendig Taiwan er derfor eventyrpolitikk utan rot i røynda.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis