Er VAR i offside eller er offside ute?
Frå EM i fotball tidlegare i år.
Foto: Lee Smith / REuters / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Fotball
EM er over, og diskusjonane går om VAR. Men kva med å sjå på om offsideregelen trengst? Og kan andre regelendringar fremja god fotball?
EM-finalen vart avgjord med nokre få centimeters margin. VAR gjorde oss sikre på at vinnarmålet ikkje var offside. Om det hadde vorte annullert utan VAR, får me aldri vita.
Likevel går diskusjonane om VAR, og protestane når nye høgder. «Stoppar flyten i spelet» og «me torer ikkje jubla spontant lenger før VAR har sagt sitt» er viktigaste innvendingar. Men kva ønskjer me å sjå på fotballbana, er det:
– eit spel som flyt?
– fine angrep?
– mange mål?
– og at me ikkje skal venta for lenge på dommarane?
Er VAR problemet, eller finst det alternativ? Me kan først sjå på dei viktigaste grunnane til at VAR grip inn.
Offside: Offside er kanskje den hyppigaste grunnen til at VAR trør til. Offsideregelen er godt kjend, men det er neppe like kjent kvifor me har regelen. Grunntanken var vel å hindra «fisking», altså at eit lag la att ein spelar eller to langt framme, for å få spelt ein lang ball opp og skåra mål. Er det like relevant i dagens fotball? I dag spelar dei fleste slik at når eit lag mistar ballen, må alle spelarar forsvara eige mål, både spissar, midtbana og forsvaret. Dersom eit lag legg att spelarar på 16-meteren til motstandarane, vil laget vera i undertal på resten av bana. Å leggja att spelarar vil skapa meir rom i bana og kanskje eit opnare spel, men det fører til høgare risiko for mål imot. Er det sannsynleg at mange lag tek den risikoen?
Etter dagens reglar er det ikkje offside på innkast og utspel frå mål, eller når ballen kjem frå motspelar, utan at det skapar vanskar for spelet. I lågare aldersklassar gjeld ikkje offsideregelen.
Trengst ein offsideregel som hindrar flotte angrep med nokre centimeters margin?
Og er det så ille dersom ein spiss står att 10–15 meter bak forsvaret og får eit langt oppspel som hen puttar i mål?
Hands: Tja, her er det neppe nokon fasit. Dei to handssituasjonane i kampane mellom Danmark og Tyskland og Tyskland og Spania viser at det blir ulik praktisering også med VAR. Men det var ikkje betre før VAR. Spørsmålet er om det er mogleg å laga klarare definisjonar på kva som er hands, både med og utan VAR. Og kor mange VAR-situasjonar med hands er det i ein gjennomsnittleg kamp?
Taklingar: Me vil jo ha taklingar, men dei skal helst vera reine. Taklinga frå Nederland i kampen mot England ville neppe ha ført til straffe utan VAR. Men det var knottar mot beinet og ville vore frispark ute på bana. I sakte film vart alt tydelegare. Og så veit me at stadig fleire stygge taklingar blir reagert på med VAR enn utan. Fleire blir utviste der dei tidlegare slapp unna med gult kort og eller knapt eit frispark imot. Eg meiner det er ei positiv utvikling at spelarane vert verna mot stygt spel, anten det er stjernene eller den jamne eliteseriespelaren.
Når me no er i gang, kva med å sjå på andre situasjonar som stoppar spelet? Eg trur dei største tidstjuvane er at keeper held ballen i fast grep, at ballen går ut over side- eller dødlinja, eller at ein eller fleire spelarar står og skjermar ballen ved hjørneflagget. Alt dette kan førebyggjast.
Keeper held ballen i fast grep: Tilbakespelsregelen som kom i 1992, viser at keeperen godt kan handtera ein regel som sikrar at ballen vert halden i spel. Sekssekundarsregelen blir lempeleg praktisert av dommarane. Ofte går det 10–15 sekund, og tempoet i kampen går ned. Dersom keeperen aldri har lov til å halda ballen i fast grep, så vil ballen haldast i spel, og det blir fleire returar og fleire målsjansar. Kva vil fotballen gå glipp av?
At ballen går ut over side- eller dødlinja: Laga brukar stundom lang tid på å ta innkast, målspark eller hjørnespark. Dersom det blir installert vant som i ishockey eller innebandy, blir ballen halden meir i spel. Vantet treng ikkje vera høgare enn ein halv meter for å unngå dei fleste gongene ballen går over linja. Dei smarte spelarane vil raskt skjøna at dei kan spela vegg med vantet, og få endå fleire offensive alternativ. «Kick and run» får ei ny meining når ballen stoppar ved vantet. Og så vil det framleis vera innkast, målspark eller hjørnespark når ballen går over vantet, men litt lenger innpå bana, for ikkje å bli hindra av vantet.
At ein eller fleire spelarar står og skjermar ballen ved hjørneflagget: Dette er det mest destruktive me ser på fotballbana. Me får inntrykk av at nokre av eliteserielaga trenar på det, og så har me heldigvis ikkje sett så mykje av det i EM. Botemiddelet er enkelt: gult kort, frispark imot og fem minutts tillegg i tid ved opplagt passivt spel.
Min påstand er at nokre relativt enkle regelendringar kan gje fotballen meir flyt og fleire målsjansar og difor gjera han meir attraktiv for publikum. Og VAR har avslørt at me slett ikkje treng offsideregelen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«EM-finalen vart avgjord med nokre få centimeters margin.»
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.