Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

For veik, for veik er Huitfeldts boge

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2325
20230623
2325
20230623

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Utanriks

Med adresse til «Israel og grupper i Gaza» fordømde utariksminister Anniken Huitfeldt 11. mai alle åtak mot sivile og sivile dødsfall, inkludert born, vidare at alle aktørar måtte respektera internasjonal humanitærrett, medverka til de-eskalering og via politisk løysing hindra nye valdsutbrot.

Liknande ordbruk har gong på gong vore brukt når openberre uttrykk for Israels fordriving og undertrykking av palestinarar har kome til overflata. Å nøya seg med slik retorikk er som å pikka med skomakarhamar på Israels folkerettsstridige betongmur på Vestbreidda, alt medan stadig fleire israelske busetjingar skyt opp der, og nye generasjonar palestinarar forkjemst i den tettpakka og nedsota enklaven Gaza.

Ovafor det apartheid-styrte Sør-Afrika, fann vi det, med folkeretten i hand, rett å vera med på å stø motstanden, mellom anna med handelsboikott. Det same gjer vi no i høve Russlands folkerettsstridige åtak på Ukraina.

Så langt frå å vurdera boikott eller andre mottiltak mot Israel, har Noreg og Israel 12. januar 2017 signert ein omfattande intensjonsavtale om samarbeid innan utvikling og forsking. I omtalen av avtalen er det frå israelsk hald nemnt at norsk kompetanse kan vera relevant i høve gassproduksjon i havet utafor Israel. I 2018 vart det òg vedteke ein bilateral traktat om landbruk.

Ifølgje innlegg i Aftenposten 18. april 2023 hevdar leiar i Palestina-komiteen, Line Khateeb, at Kongsberg våpenfabrikk har eit samarbeidstilhøve til den militærtilknytte israelske organisasjon Rafael. På grunngjeve spørsmål frå stortingsrepresentant Bjørnar Moxnes 10. februar 2023 om rakettar frå Israel har norskproduserte komponentar, svara Huitfeldt at Noreg ikkje sel våpen til land i krig, men at når Noreg ikkje er nemnt kan norske komponentar inngå i våpen som andre land lagar og eksporterer.

Stadig færre hugsar Ap-utariksminister Johan Jørgen Holst (1937–1994) sin internasjonale innsats, ikkje minst i den palestinsk-israelske konflikten (Oslo-avtalen). Mykje tyder på at det intense engasjementet i samband med Oslo-avtalen kosta Johan Jørgen Holst både helse og levedagar. Ikkje dess mindre, og med adresse noverande regjering: Det er på høg tid at norske myndigheiter tek opp att arven etter ein av dei fremste medlema til Arbeidarpartiet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis