Forsking på klimaendringar
Røyk stig opp frå pipene til kolverket i Colstrip i USA.
Foto: Matt Brown / NTB scanpix
KLIMA
Gunnar Abrahamsen tek opp eit viktig spørsmål i innlegget sitt i Dag og Tid 8. desember: Kan forskinga bli påverka av samfunnet rundt seg? Han har sjølv røynsle med at presset på forskarane kan bli stort. For 40 år sidan arbeidde han med årsaka til skogskadane, som dei aller fleste meinte kom av sur nedbør. Arbeida til dei som peika på andre årsaker, fekk lite gjennomslag. Det viste seg likevel at vitskapen var i stand til å rydde opp. Det er nett slik vi vil at forskinga skal fungere. Ny forsking skal bli vegen opp mot tidlegare kunnskap og evaluert.
Så langt kan eg fylgja Abrahamsen, men så blir det vanskeleg når han dreg parallellar til klimaforskinga i dag. Drivhuseffekten har vore kjent i 200 år, og etter kvart som kunnskapen om absorpsjon i gassar og dynamikken i atmosfæren har vorte betre, har bevisa berre vorte sterkare og sterkare på at ei auka mengd drivhusgassar påverkar klimaet. Drivhusgassane har auka med 40 prosent sidan den industrielle revolusjonen, og årsaka til auken er i det alt vesentlege utnyttinga av fossil energi.
Dei sterkaste kreftene utanfrå som påverkar klimaforskinga i dag, er fossilindustrien som ser sine interesser truga. Særleg er dette tydeleg i USA. Dei kreftene er mektige fordi dei har stor finansiell tyngd, dessutan stor mediemakt, og dei har til og med fått ein president i Det kvite huset som stør kolindustrien. Dette er eit hinder, men det øydelegg ikkje god klimaforsking, heller ikkje i USA. Så lenge etterprøvinga av forskingsresultat fungerer, står vitskapen seg mot falske fakta.
Abrahamsen skriv «Det er satset ensidig på at det er de menneskeskapte tilførslene av karbondioksid og andre klimagasser til atmosfæren, som er årsaken til klimaendringene». Dette er rett og slett feil. Det blir arbeidd intensivt også med å ta med andre årsaker inn i klimamodellane, ikkje minst endringar som har skjedd på landjorda. Resultata viser at det er auka drivhuseffekt som i det alt vesentlege har stått for temperaturstigninga dei siste 60 åra. I denne perioden har ikkje solstrålinga auka.
Fortidsklimaet er interessant fyrst og fremst når vi set det i relasjon til framtidsklimaet. Fyrst då ser vi kor alvorlege dei menneskeskapte klimaendringane er. Scenario går ut på at sommartemperaturen i Noreg kan stige 2-4 grader gjennom dette hundreåret, og bli vesentleg høgre enn i varmetida for 7-9000 år sidan. Det er all grunn til å setja i verk tiltak for å avgrense temperaturauken.
Øyvind Nordli er forskar ved Meteorologisk institutt
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.
Vasskraftverket Nore I.
Foto: Lise Åserud / NTB
Er fjordane mindre verde enn elvar og vatn?
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.
Foto: Lars Bryngelsson
Diverterande
Engegårdkvartetten syner Mozarts kvartettkunst mellom passiar og pasjon.