Forsøk på raus sluttreplikk til Spaans og Myrvoll
Etter at 85-åringen var feira på Utne i Hardanger i 1993, gjekk festlyden om bord i ei hardangerjekt. Mellom tauverket kan ein òg skimte Atle Kittang. Hauge hadde fått og lese Kittangs doktoravhandling om Rimbaud og var forskrekka over at Tusvik, som hadde studert fransk, vedgjekk at han ikkje hadde lese denne. Kittang skreiv innleiinga til fembandsutgåva av Hauges dagbøker.
Foto: Sverre Tusvik
Olav H. Hauge
Ronny Spaans rapporterte i Dag og Tid frå 150-årsfesten for Samlaget. Eg reagerte på at han tilsynelatande umotivert der fletta inn at Profil-krinsen ikkje var det første litterære miljøet Olav H. Hauge fekk kontakt med. Spaans vedgjekk at dette frå hans side var førehandsreklame for at han og Klaus Johan Myrvoll til hausten kjem med ein artikkel om Hauge som gjendiktar i tidsskriftet Edda. Og dei lovar at dei der «har meir snadder på lur».
I eit tilsvar drog dei fram at Hauge i 1966 alt i to år hadde freista gjendikte Trakl, og la til: «Har Trakl og Økland mykje sams som lyrikarar? Heller lite.» Eg kunne ikkje dy meg for å vise til at Einar Økland, som redaktør for Profil, alt i hefte 4/1964 sjølv hadde på prent ei gjendikting av Georg Trakl.
Nesten utan ironi ser eg med entusiastisk glede fram til kva for «åndelege miljø» Spaans og Myrvoll har funne at Hauge var i slekt med. Og når dei seier seg leie for at Hauge var for høfleg til å lage lister over dårleg litteratur, vil eg minne om at det i dagbøkene vrimlar med karakteristikkar og vurderingar som over tid er heller inkonsekvente, og heller ikkje Profil-forfattarane får alltid lovord i hans kritiske lesardom.
Med utgangspunkt i «listemakar» Hauges noko skiftande favorittar vil forskarane med sine hermeneutiske metodar legge fram materiale som venteleg er betre grunngitt enn dei momenta eg lett sarkastisk tillèt meg å pirke ved. Sjølv er eg på uvitskapleg vis meir interessert i litteraturhistorisk konstruktiv sladder enn vitskapleg «snadder». Eg kunne som Spaans ha fletta inn ein «teaser» om kvar eg emnar skrive om korleis Halldis Moren Vesaas i 1967 måtte dempe Sigmund Skards filologisk rettvise, men taktisk kjenslelause kritikk av Hauges bidrag til den nemnde gjendiktarantologien. Der kan eg også bli freista til å røpe meir frå ein telefonsamtale med min lærde franskprofessor Asbjørn Aarnes, då han etter å ha lese i dagbøkene (lånt av ein nabo) etter nokre innleiande ord om Olav Nygard og Alf Larsen «motvillig nu må erkjenne at Hauge ikke var en åndløs materialist, annektert og villedet av disse marxistene i Profil.»
Uansett er det positivt at Hauges dagbøker blir granska og kommenterte, då det vil kompensere for den vitskaplege og tekstkritiske annoteringa vi i Samlaget ikkje hadde høve til å arbeide ut.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.