Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Frå embetsmann til streikevakt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3619
20221111
3619
20221111

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Lærarstreiken

Den tvangsavslutta lærarstreiken handla om lønn og rekruttering, og om undervisningskompetanse. I arbeidslivet er det vanleg å bruke lønnsauke for å rekruttere og behalde kompetanse. I skulen har det i meir enn hundre år vore vanleg å nytte ein omvend marknadsmekanisme. Når det manglar lærarar, reduserer ein kompetansekrava i staden for å auke lønna.

Første gongen dette skjedde i stort omfang, var like etter første verdskrig. Fleire unge søkte seg til gymnaset. Det mangla lektorar. Departementet dispenserte villig vekk frå kravet om embetseksamen for å undervise i gymnaset. Mange utan godkjend utdanning blei tilsette. På denne måten legitimerte staten at det var greitt å sjå vekk frå utdanningskrav når det var «nødvendig».

Dette blei til fulle «nødvendig» under innføringa av obligatorisk 9-årig grunnskule. Lærarmangelen var stor. Løysinga var å redusere krava til undervisningskompetanse, særleg for ungdomsskulen. Dette skulle vere ei overgangsordning, men ho beit seg fast svært lenge.

Historia viser at i skulen har det viktigaste vore å halde hjula i gang. Kø og venteliste for å begynne i grunnskulen er nærast utenkeleg. Då det tidleg på 90-talet blei køar og ventelister for å kome inn på vidaregåande, greip staten inn og oppretta ei mengd ekstraklassar. Lærarkompetansen kom i andre rekkje.

Gjennom kunnskapsløftet med Kristin Clemet som statsråd blei krava til undervisningskompetanse skjerpa. Men samstundes fekk kommunane meir makt og større fridom. Reveutgangane var der. Kommunane hadde vent seg til å ta for lett på utdanningskrav. Difor er det ein dårleg ide når regjeringa no vil gi kommunane endå vidare fullmakter til å vurdere undervisningskompetansen.

«Det vil heretter være meget vanskelig – om overhodet mulig – for Norsk Lektorlag å innlate seg på noen som helst forbindelse med By- og herredsforbundet». Dette stod å lese i Den høgre skolen i 1961. Sitatet illustrerer det beiske forholdet mellom lærarorganisasjonane og dåverande Norges by- og herredsforbund (dagens KS) på 1950- og 60-talet. Lærarane såg kort og godt på By- og herredsforbundet som ein upåliteleg motpart. Staten heldt lenge på lærarane, mellom anna med den grunngjevinga at lønns- og arbeidsvilkår var ein del av den nasjonale skulepolitikken. På 90-talet truga KS staten med rettssak og kom med lokkande godord til lærarane. I 2004 vann KS fram.

Tida som embetsmenn var for lengst over då det skjedde. Lektorar og lærarar hadde fått rikeleg med trening i å ta seg streikevestar gjennom 1980 og 1990-talet. Etter at forhandlingsansvaret blei overført til KS, har lærarane vore i streik fem gonger, oftast saman med andre grupper med høgare utdanning. Så kan ein undre seg over at styresmaktene så systematisk har styrt mot å halde seg med misnøgde lærarar, midt i kunnskapssamfunnet. Er det fordi dei har meir bruk for skulen, særleg grunnskulen, som helse- og sosialarena enn som kunnskapsarena? Regjeringa si grunngjeving for lønnsnemnda peikar i den retning.

I tillegg har det blitt overtydeleg at KS og kommunesektoren rett og slett ikkje har forstått ansvaret dei no har for lærarane og for skulen. Dagens situasjon minner faretrugande om den ampre stemninga som var på slutten av 80-talet: Då enda det med tariffstridige streikar. Streikane blei omtalte som kulturkamp. Både statlege og kommunale styresmakter må lære av historia. Kursen må endrast. Viss ikkje er det fare for at snakket om tillitsreform vil krasje i eit hav av streikevestar.

Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik er tidlegare lektorar og tillitsvalde.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Celeste Dalla Porta spelar hovudrolla som Parthenope, som i gresk mytologi er ei sirene.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Årets dårlegaste?

Verken innhald eller bodskap gjev meining i Paolo Sorrentinos siste rampestrek.

Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.

Foto: Spartacus

BokMeldingar
TomHetland

Fall og vekst i Sør-Atlanteren

Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.

I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Talknusaren og den store avsporinga

For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis