Francos lange skugge
I vår var det 80 år sidan terrorbombinga av byen Guernica. I dag er det eit etablert faktum at tyske og italienske bombefly i Francos teneste stod bak denne udåden.
Men Franco-regimet la først skulda på baskarane sjølve.
Luis Iriondo (94) overlevde bombinga av Guernica i 1937 og minnest dei drepne.
Foto: Alvaro Barrientos/NTB scanpix
Historie
Då oppslag i internasjonal presse, basert på augnevitneskildringar, kunne melde om massive flyåtak, gjekk den nye propagandastrategien ut på at bombinga var eit reint tysk-italiensk prosjekt som Franco var uvitande om. Denne versjonen var den offisielle heilt fram til diktatorens død i 1975.
Men på høgresida i det spanske samfunnet har myteskapinga om den store landsfaderen halde fram heilt til i dag. Grovt sagt har Franco-myten fire aspekt: For det første: redningsmannen som i borgarkrigen berga Spania frå den gudlause kommunismen. For det andre: strategen som losa Spania vel gjennom den andre verdskrigen. For det tredje: antikommunisten som fekk USA-basar til landet alt på 1950-talet. Og for det fjerde: fredsmannen som la grunnlag for økonomisk vekst og overgang til demokrati etter sin død.
Alternative fakta
Sanninga om Guernica og andre brotsverk ville vere øydeleggjande for denne mytebygginga. Derfor måtte ein så lenge som mogleg halde fast på ulike former for lygn, eller «alternative fakta», som det ofte blir kalla. Det har ein sett i Spania heilt fram til våre dagar, for eksempel i heller lettvinte publikasjonar av Pio Moa og Cesar Vidal. Men også ein tidlegare seriøs historikar som Stanley Payne har kasta seg på rehabiliteringsbølgja av Franco. Saman med journalisten Jesus Palacios publiserte han i 2014 Franco. A Personal and Political Biography, ei bok som blant anna er basert på samtalar med dotter til Franco. Her går forfattarane svært langt i å frikjenne Franco for bombinga av Guernica.
Francos slagord var at han var ansvarleg berre overfor Gud og historia. Eg vil ikkje spekulere på korleis desse «instansane» dømer. Men seriøse historikarar gir i alle fall ein knusande dom av hagiografane som kvitvaskar diktatoren. Eit eksempel er særnummeret av tidsskriftet Hispania Nova i 2015 med tittelen «Sin respeto por la historia. Una biografía de Franco manipuladora». Her kritiserer leiande spanske historikarar Franco-biografien til Payne og Palacios. Dei gir derimot god attest til Paul Prestons biografi Franco. Caudillo de España. Her blir diktatoren omtalt som «el gran manipulador». Ein får også godt grunnlag for å vurdere sanningsinnhaldet i dei mange mytane om Franco i Antonio Cazorla Sánches’ bok frå 2013, Franco. The Biography of the myth. Og påstanden om at tapstala i Guernica var kraftig oppblåste, blir tilbakevist i Xabier Irujos ferske bok Gernika. 26 de abril 1937.
Nye minnesmerke
I Guernica har dei sjølvsagt annullert heideren som Franco fekk tildelt under diktaturet. No er det fascistregimets kritikarar som får minnesmerke. George Steer, som i The Times og New York Times fortalde verda sanninga om Guernica, har ei minnebyste på ein sentral plass i byen. Den baskiske presidenten José Antonio Aguirre, som måtte dra i eksil, har også fått ein statue. Aguirres’ statue står ved jarnbanestasjonen i Guernica, og Steers byste er like ved Museo de la Paz.
Men terroren i Guernica var ikkje eineståande. Her berre eitt eksempel: Den 25. mai 1938 vart marknadsplassen i Alicante bomba av italienske fly, og 300 sivile vart drepne. Fleire minneplater er blitt sette opp på denne staden. Den første nemner ikkje at Mussolinis flyvåpen stod bak udåden. Men den siste minneplata plasserer ansvaret hos mordarane. Det sat likevel langt inne hos det konservative fleirtalet i bystyret å godta formuleringa «la aviacion italiana fascista». Det same flyvåpenet – som også hadde brukt gass under invasjonen av Etiopia midt på 1930-talet – bomba den spanske Middelhavskysten under borgarkrigen, brotsverk som Italia har fått merkeleg lite kritikk for.
Høgre-heltar
Eit nytt radikalt fleirtal i Alicante har vedtatt at no skal minnesmerka om Franco-tida vekk. Men det konservative Partido Popular fekk ein dommar til å oppheve vedtaket fordi det ikkje vart gjort på formelt rett måte. Og våren 2017 måtte ein – i alle fall mellombels – setje opp igjen dei gamle skilta, for eksempel Plaza de la Division Azul til minne om dei nesten 50 000 «frivillige» som Franco i 1941 sende til Austfronten for å gi Hitler ei hjelpande hand. Det er utruleg at delar av Partido Popular, som faktisk er det norske Høgres søsterparti, held fast på hyllinga av frontkjemparane. I Noreg ville det vere utenkjeleg at det fanst ein stad med namnet Regiment Nordlands plass, for eksempel.
Den spanske høgresida er skeptisk til søkjelys på diktaturet, og mange konservative politikarar saboterer lova om det historiske minnet frå 2007 som blant anna krev fjerning av monument frå Franco-tida. Det blir sagt at når små menn kastar lange skuggar, då er det solnedgangstider. Truleg er det dette vi i dag ser når begge sidene i striden om Catalonias sjølvstende skuldar kvarandre for å føre arven frå den heller middelmåtige Franco-figuren vidare.
Jon Olav Myklebust er dr.polit og professor ved Høgskulen i Volda.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.