Gi alle sjansen til å lære norsk!
Språk
Dei siste tiåra har det kome mange arbeidsinnvandrarar til landet vårt. Dei aller fleste gjer sitt beste for å lære norsk, og fleire har både rett og plikt til å gå på norskkurs. Dessverre er det ikkje alle som får dette høvet. Dei som kjem frå EØS-land, har til dømes ikkje rett til å få norskopplæring. Det er ei ulempe både for dei og for resten av det norske samfunnet.
Når ein ikkje kan norsk, føler ein mindre tilknyting til det norske samfunnet, og ein blir utestengd frå store delar av kvardags- og arbeidslivet. Det er til dømes vanskeleg å engasjere seg i lokalsamfunnet, ein blir ikkje like godt inkludert i det sosiale på arbeidsplassen, og det kan også bli vanskelegare å utføre jobben sin på ein god måte.
Norsk skal vere eit samfunnsberande språk som kan brukast overalt i Noreg. Denne statusen blir svekt når fleire og fleire arenaer blir engelskspråklege. Annankvar nordmann har opplevd at tilsette ved norske restaurantar og kafear berre snakkar engelsk. Dette gjer det vanskeleg for folk som ikkje meistrar engelsk så godt, til dømes eldre, som slit når dei skal kommunisere med dei som jobbar der.
Ei av røtene til dette problemet er at EØS-innvandrarar ikkje har rett til norskopplæring. Når det blir heilt opp til enkeltindividet å betale for og gjennomføre norskopplæring, seier det seg sjølv at det er færre som gjennomfører det. Det er difor viktig at staten og arbeidsgjevarar syter for at dei tilsette kan norsk. Arbeidslivet kan og bør vere ein sentral arena for integrering og språktrening. Dette er spesielt viktig i bransjar som rettar seg direkte mot publikum, slik som til dømes servicenæringa.
Alle som kjem til Noreg, må få sjansen til å lære norsk. På kort sikt bør arbeidsgjevarane tilby språkkurs til arbeidarane sine. Dei må vere retta mot arbeidsplassen, slik at dei lærer orda som er relevante for jobbkvardagen. Staten må gi støtte til desse kursa. På lengre sikt bør også alle EØS-innvandrarar få rett til å gå på norskkurs. Det vil vere eit gode for heile det norske samfunnet.
Frida Pernille Mikkelsen er leiar i Norsk Målungdom.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Celeste Dalla Porta spelar hovudrolla som Parthenope, som i gresk mytologi er ei sirene.
Foto: Arthaus
Årets dårlegaste?
Verken innhald eller bodskap gjev meining i Paolo Sorrentinos siste rampestrek.
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.