VERDIAR
I Dag og Tid nr 31 skriv Jan Inge Sørbø klart og godt om Ronald Fangen og om skilnaden mellom grunnverdiar og avleidde verdiar, som samfunnet kan tære på ei kort, men lånt tid, før det fell saman. Men like rett og logisk er ikkje alt han seier om dagens verdidebatt i lys av dette. Fangen ønskte seg sikkert ein kristen kultur som kunne romme alt menneskeleg, men ut frå dette kan ein ikkje slutte at samfunnet vårt kan og bør romme alle slags kulturar, for ikkje å snakke om alle menneske. Sørbø nemner sjølv kristendom og nasjonalkjensle som historiske grunnverdiar, men det kunne dei berre vere fordi dei var fellesverdiar.
Sørbø går også langt i å frådøme folk som er skeptiske til islam og innvandring, ekte sans for kristen kultur. Dessutan hevdar han at muslimske innvandrarar «ofte har ein personleg moral og ei livsførsle som framfor noko liknar på dei pietistiske gruppene, som tradisjonelt har sokna til KrF». Viss dette var sant, hadde knapt desse innvandrarane toppa all kriminalstatistikk, fylt fengsla og vore sterkt overrepresenterte ved alle krisesenter.
Sørbø si skrifttolking er heller ikkje patent. Likningane om den gode samaritanen og den rike mannen og Lazarus handlar primært om personleg moral og ikkje om korleis ein skal styre ein stat. Men denne nytestamentlege moralen, saman med arbeidsfolks sans for solidaritet, har likevel inspirert til vår historisk eineståande velferdsstat som sikrar alle innbyggjarane eit godt og verdig liv. Dette er eit fellesprosjekt som det er tverrpolitisk semje om og framleis muleg å finansiere. Men velferda vart skapt i eit homogent samfunn og byggjer på høg sysselsetjing og store skatteinntekter. Ikkje-vestleg innvandring, særleg frå muslimske land, truar alt dette, slik både Frischsenteret, Brochmannutvala og Perspektivmeldiga har vist.
I staden for å skrive jordnært om kva grenser som finst, også for u-hjelp, innvandring og global utjamning, krev Sørbø at vi skal vere «solidarisk med alle menneske i naud» og harselerer med dei som fryktar terror, fattigdom og konfliktar også i vårt eige land. Men er ikkje nettopp overbefolkning, etniske motsetningar og islamsk radikalisme blant dei faktorane som har gitt grunnlag for slikt i andre? I motsetning til Sørbø meiner eg det er umogleg å vere «solidarisk med alle». Dette kan difor ikkje vere ein grunnverdi, slik han påstår, men er så absolutt ein låneverdi, som vi berre kan leve med på lånt tid. «Det er for seint å snyte seg når nasa er borte», sa dei før.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.
Vasskraftverket Nore I.
Foto: Lise Åserud / NTB
Er fjordane mindre verde enn elvar og vatn?
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.
Foto: Lars Bryngelsson
Diverterande
Engegårdkvartetten syner Mozarts kvartettkunst mellom passiar og pasjon.
Flesteparten av dei danske jødane klarte å flykte til Sverige.
Foto: Ukjend / Nationalmuseet i Danmark
Flesk og smør i byte for danske jødar
Tyskarane trong kjøtleveransar. Var det det som redda dei danske jødane frå konsentrasjonsleirane?
Signe Førres første plate er balkaninspirert.
Foto: Terje Nesthus
Bass i norsk og balkansk landskap
Signe Førre med vener overraskar.