Hareide, ein vinnar
Det er Knut Arild Hareide å takka for at vi fekk vera vitne til ei skremmande hyklersk Erna og ei bakstrevarsk KrF-gruppe som kjempar for makt, skriv Sigrun Øvretveit.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Politikk
Dei borgarlege har det travelt med å latterleggjera Hareides tenking og politiske handlingar. Han vert karakterisert som ein naiv, umoralsk politikar som mellom anna ikkje skjønar konsekvensane av å velta ei regjering.
Eg kunne sjølvsagt aldri stemt på KrF (er vaksen opp i ei dominerande indremisjonsbygd på Vestlandet), men i den føregåande valkampen må eg sanna: Hareide er ein vinnar, og han får min fulle sympati.
Det er Hareide å takka for at vi fekk vera vitne til ei skremmande hyklersk Erna og ei bakstrevarsk KrF-gruppe som kjempar for makt. Dette er ei kjend sanning, men til dagleg vert ho løynd i tåkesnakk.
Valkampen har enda i skam og vanære for landet no – og i framtida. Det kostar å vera ein ærleg politikar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Politikk
Dei borgarlege har det travelt med å latterleggjera Hareides tenking og politiske handlingar. Han vert karakterisert som ein naiv, umoralsk politikar som mellom anna ikkje skjønar konsekvensane av å velta ei regjering.
Eg kunne sjølvsagt aldri stemt på KrF (er vaksen opp i ei dominerande indremisjonsbygd på Vestlandet), men i den føregåande valkampen må eg sanna: Hareide er ein vinnar, og han får min fulle sympati.
Det er Hareide å takka for at vi fekk vera vitne til ei skremmande hyklersk Erna og ei bakstrevarsk KrF-gruppe som kjempar for makt. Dette er ei kjend sanning, men til dagleg vert ho løynd i tåkesnakk.
Valkampen har enda i skam og vanære for landet no – og i framtida. Det kostar å vera ein ærleg politikar.
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.