Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Håvard Rems Luther

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3169
20180119
3169
20180119

Kristendom

Håvard Rem sitt reisebrev frå Krakow med tittelen «Luther, Marx og Wojtyla» (5. januar) er velskrive og tankevekkjande. Men samstundes er det noko som skurrar. Eit hovudtema er avkristninga av Europa, og her har dei katolske landa, slike som Polen, vore meir immune enn dei protestantiske. Mystikk og ritual er tekne vare på, medan vi hos Luther finn rasjonalisme på line med den marxistiske. Vi har nett vore gjennom eit år med Luther-stoff i alle medium, og det biletet vi sit att med er ikkje så ulikt det Rem teiknar. Men er det rett? Er Luther rasjonalist? Det kan argumenterast for at tilhøvet til katolisismen er stikk motsett. Altså at det like mykje var den katolske rasjonalismen som den magiske ritualismen Luther reagerte mot.

I ein artikkel i Aftenposten i januar 2017 var framståande representantar for Universitetet i Oslo særleg opptekne av det universiteta har arva frå Luther. Det inntrykket vi fekk, var nærmast at det er frå Luther vi har det moderne liberale universitetet og den frie granskinga. Med andre ord, den institusjonen der den vitskaplege fornufta rår. Katolikken Georg Henrik Rieber-Mohn reagerte på dette i ein kronikk i same avis i februar og peika på rasjonalismen i høgmellomalderen og særleg den vekta Thomas Aquinas la på fornufta.

Luther ville nok ikkje på noko vis ønskt å stille opp i ein slik konkurranse i rasjonalisme. Tvert imot. Han gav ofte i til dels krasse ordelag uttrykk for mistillit til fornufta og kunne jamvel kalle henne ei hore!

Dei siste tiåra har granskarar synt at Luther var renessansehumanist så god som nokon. For desse humanistanne – som altså òg for Luther - var ikkje tanken, men ordet det primære. Som Luther sa: «grammatikken kan meir enn logikken».

Medan skolastikken dyrka Aristoteles og Aquinas, var humanistane både i erkjenning og formidling opptekne av retorikken, den munnlege talen, og det lærte dei frå mellom andre Cicero. Men, vil nokre seie, var ikkje Luther kjend for prinsippet «Skrifta åleine», og var han ikkje ein meister i å spreie bodskapen sin i trykte flygeblad og andre skriftstykke? Det er rett nok, men humanistane sin prosa var retorisk på eit slikt vis at den munnlege talen så å seie kunne høyrast gjennom skrifta. Derfor vart eit skriftstykke gjerne kalla ein «oratio», ein tale.

Ved å dyrke den vitskaplege fornufta, slik vi gjer i dag, liknar vi meir på rasjonalistane i høgmellomalderen enn på Luther og humanistane. Skal vi ha nytte av Luther i våre dagar, må vi ikkje leite etter det som av ein eller annan grunn kan seiast å likne på oss sjølve, men tvert imot. Det viktigaste er det som er radikalt ulikt oss. Ikkje den rasjonelle argumentasjon, men den kjenslefylte, biletrike og sansenære talen. For oss er dette subjektivt, for humanistane var det vegen til sanninga.

Når all kunnskap er vorten vitskapleg kunnskap, er språket sekundært. For Luther var det ingen annan veg til sanning enn gjennom språket. Vel vi vitskapen, har vi òg teke farvel med hunanismen og Luther. Det er ikkje godt å sjå kva han då kan brukast til. Som Rem syner oss, er det i alle høve ikkje til å gjere oss til truande kristne.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein kosmetisk klinikk i Miami i USA reklamerer for såkalla BBL-behandling, der filler blir injisert i rumpa.

Foto: Ellis Rua / AP / NTB

HelseSamfunn

Ein bransje full av skrukkar

2025 blir eit rekordår – også for fiksing av fjes. Noreg er eit av få land i verda der styresmaktene ikkje bryr seg med kven som injiserer kva.

Marita Liabø

Soldatar frå den russiske nasjonalgarden er på veg for å hindre ein demontrasjon på Den raude plassen i Moskva.

Foto: Pavel Golovkin / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Journalistar på konstant vakt

Den russiske eksilavisa The New Tab tilbyr vestlege medium reportasjar frå innsida av Russland. Men særs mykje blir anonymisert før det når lesaren. Vil lesaren tru på det då?

Ole Dag Kvamme

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis