HINNs ambisjon
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Utdanning
I Dag og Tid 1. desember tenker Jan Erik Grindheim, professor i statsvitskap ved Universitetet i Søraust-Noreg, følgande: «Skal me kunne fremma noko vitskapeleg fornuftig om det globale, er det ikkje fånyttes å kunne noko om det lokale. Tvert om. Difor treng me kanskje ikkje fleire universitet her til lands, men lærestader kor førelesarane har fagleg ballast og praktisk innsikt i tillegg til å vera gode forskarar.»
Ingen vil gå imot Grindheim sitt poeng om at lokal forankra kunnskap er med på å fremme «noko vitskapeleg fornuftig om det globale». Ei heller at lærestadar treng førelesarar med fagleg ballast og praktisk innsikt. Men at dette er målsettingar som strir mot kvarandre straks ein utdannings- og forskingsinstitusjon får universitetsstatus, er ikkje Høgskulen i Innlandet (HINN) med på. Tvert imot.
Vår store oppgåve som utdannings- og forskingsinstitusjon er å skaffe ny kunnskap og å forvalte denne på ein måte som samfunnet rundt oss (inkludert studentane) drar nytte av – lokalt, nasjonalt og globalt. Vi ønsker med andre ord å vere relevante. Det trur vi blir lettare som eit universitet. Ikkje minst lokalt. HINNs universitetsambisjon er ein ambisjon på vegner av vår eigen region.
Det er ingen tvil om at Innlandet treng større kompetansemiljø og vekst med rot i forskingsbasert kunnskap. Vi trur at med universitetsstatus vil vi i enda større grad trekke til oss toppkompetanse. – og gjennom det gjere regionen vår enda meir attraktiv for ei rekke ulike kompetansemiljø. Dette er ei ønskt utvikling som blir løyst i fellesskap.
Vi opplever at Innlandet fylkeskommune støttar universitetsambisjonen vår gjennom å delfinansiere doktorgradsstipendiatar som arbeider med tema som er relevante for fylkeskommunens regionale planar for samfunnstryggleik, inkludering, klima, energi og miljø. Dette er i tråd med «universitetsforskrifta», som krev at minst to av institusjonens doktorgradsutdanningar er sentrale i forhold til regionale verksemders verdiskaping.
Lokal-global-perspektivet går begge vegar. For å klare å leve opp til dei lokale ambisjonane våre treng vi også å styrke dei internasjonale nettverka våre og den internasjonale deltakinga vår. HINNs universitetsambisjon er ein ambisjon på vegner av dei dyktige forskarane våre: dei som kan bidra i dei store internasjonale prosjekta, dei som søker ny inspirasjon, og dei som har ein så spissa kompetanse at dei må over landegrenser for å finne eit fagleg nettverk. Det er ei kjensgjerning at institusjonar med ein universitetslogo på papiret stiller sterkare i kampen om internasjonale forskingsmidlar. Dei forskings- og utdanningsinstitusjonane vi skal samanlikne oss med internasjonalt, er universitet. Vi ser ingen grunn til at HINN skal stille i ei slags B-pulje.
Mellom linjene stiller Grindheim spørsmålet vi ofte blir møtt med, også i våre eigne rekker, om korleis det skal gå med profesjonsutdanningane når høgskular blir universitet. HINNs universitetsambisjon er ein ambisjon på vegner av skulens undervisarar og studentar. Det gjeld også dei på dei bokstaveleg talt jordnære utdanningane, som for eksempel den tradisjonsrike landbruksutdanninga vår.
HINNs mål er ikkje at utdanningane skal bli mindre praksisretta, men at studentane skal møte oppdatert kunnskap. Det vil dei, når undervisarane i større grad både forskar sjølv og er medlemmar av nasjonale og internasjonale nettverk.
Om ein litt tyngre vitskapeleg paraply over studiane får studentane til å stille nokre nye spørsmål, og deretter finne nokre nye svar, er vi sikre på at HINNs universitetsambisjon skal kome samfunnet til gode. Ikkje minst i Innlandet.
Peer Jacob Svenkerud er rektor ved Høgskolen i Innlandet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.