Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Historia før Nynorsk litteraturhistorie

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4205
20180629
4205
20180629

Litteraturhistorie

«Det er mykje paa Maalet no», konstaterte Ivar Aasen optimistisk i 1895. Jan Inge Sørbø får mykje og velfortent ros for Nynorsk litteraturhistorie. Vi var fleire som peikte på han for tre år sidan, og heldigvis takka han ja til Samlaget. Skulle det bli bok til 150-årsjubileet i 2018, måtte emnet avgrensast til skjønnlitteratur. Sjølv om emnet framleis var stort, gjekk Sørbø inn i ei årelang nylesing av verk som ikkje alle tidlegare litteraturhistorikarar har teke like nøye.

Når bokmeldingane no ligg der, er eg meir imponert over forfattaren enn over kritikarane. Samlaget kan ha forenkla historia før denne nye litteraturhistoria i marknadsføringa si, men uavhengige kritikarar burde plassere eit slikt verk i ein større samanheng. I staden slår dei fleste berre fast at no er historia om den nynorske skjønnlitteraturen samla for første gong, eller at no er den nynorske litteraturhistoria endeleg samla.

Det første er for så vidt rett, det andre er feil for eit moderne litteratursyn som ser vidare enn skjønnlitteraturen. I skiftande format og avgrensingar har det vore skrive nynorsk litteraturhistorie i over hundre år. Ein av dei første som meir vitskapleg drøfta grunnlaget for dette, var Leif Mæhle i ein artikkel i 1980. Berre eit summarisk oversyn rommar bortimot 20 bøker og større skrifter.

Bibliografen og litteraturhistorikaren Anton Aure stod bak skrifter som Kvinnor i den nynorske bokheimen (1916) og skreiv saman med Hans Aarnes Dei norske bladi gjenom 65 aar 1858–1923 (1923). Då Aure døydde sommaren 1924, hadde han gjort klart manuskriptet til ei tenkt bok, Gamle bygdemaals- og landsmaalsbokmenner. På om lag 400 små sider skildra han alle dei sentrale forfattarane før Garborg. Det ville ha blitt ein parallell til boka om kvinnene. I begge framstillingane dekte han både dikting og sakprosa.

Sjangerhistoriene er mange, knappast for prosakunsten, men Sverre Tusvik publiserte i 1981 oversynsartikkelen «Strandhogg i den nye norske prosaen» i Målreising i 75 år.

Johs. A. Dale gav ut Frå «Ervingen» til «Anne Gonge». Nynorske skodespel for amatørar (1959) og utvida denne til Nynorsk dramatikk i hundre år (1964). Jostein Gripsrud følgde opp med eit meir kritisk blikk i Opplysningas dialektikk. Perspektiv på norskdomsrørsla og amatørteatret 1900–1940 (1990). Boka Trass alt (2013) av Alfred Fidjestøl om Det Norske Teatret er både institusjons- og dramatikkhistorie.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen og Bjarte Birkeland skreiv i 1985 Folkemål og danning om nynorske lærebøker 1867–1915. Den dokumentasjonen blei utført i eit bergensmiljø som gav boka med den fyndige tittelen Det nynorske skriftlivet av Idar Stegane (1987).

I boka Frå gamle fjell til magma (2004) om linjer i nynorsk lyrikk føresette Jan Inge Sørbø at der er noko litterært felles innanfor den nynorske lyrikken som går ut over det institusjonelle. Terje Aarset impliserte også slike samanhengar i Den nynorske songskatten (2009).

Eirik Helleve skreiv i 2003 utstillingskatalogen Striper, ruter, bobler om nynorske teikneseriar, supplert med den annoterte bibliografien Oversikt nynorske teikneseriar, sist oppdatert i 2013.

Barnebokhistorikaren Sonja Hagemann skilde skriftene etter språk i band 2 og 3 av Barnelitteratur i Norge (1974). I dei tre utgåvene av standardverket Norsk barnelitteraturhistorie frå 1997 til 2018 har Tone Birkeland, Gunvor Risa og Karin Beate Vold integrert bokmål og nynorsk i éi framstilling. Slik er det også i såkalla allmenne oversynsverk som Norsk litteraturhistorie (skjønnlitteratur) frå 2003 og Norsk litteraturhistorie (sakprosa) frå 1998.

Eg dristar meg også til å nemne den nynorske kulturhistoria Viljen til språk (2006) og Avisene som utvida Noreg (2010) om nynorskpressa 1860–2010.

Boka av Sørbø blir ein viktig premiss for dei som skal skrive Nynorsk sakprosahistorie og Historia om nynorsk skriftkultur. Det blir berre endå meir krevjande fordi framstillinga må femne vidare enn bøker og det som er skrive. Dei historiene bør også inkludere alt det som har definert det nynorske institusjonelt gjennom meir enn 150 år. Så lykke til.

Ottar Grepstad er direktør for Nynorsk kultursentrum.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis