Innvandring til Frankrike
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Samfunn
Øyvind Østberg løyste i Dag og Tid 14. juli alle sosiale problem i Frankrike ved å hevde at dei alle, også valdelege opprør, kjem av innvandring. Det er gledeleg at Dag og Tid får nye lesarar, men slike har då gått glipp av alle mine artiklar sidan 2001 om ulike sider ved det franske samfunnet, ikkje minst dei sosiale tilhøva.
Rett nok har nettoinnvandringa dei siste to åra vore på kring 160.000, med ein relativt stor oppgang etter pandemien. Storparten er mellombelse, største delen er arbeidsinnvandring og -utveksling frå EU og andre vestlege land, og ein stor slump er studentar som normalt reiser heim igjen. Så er det likevel grunn til å kommentere ei viktig endring: auken i afrikansk innvandring kjem eg såleis til mot slutten.
Frankrike har eit temmeleg rigid innvandringsregime og får jamt kjeft frå Italia og andre for å prøve å stengje ute alle båtflyktningar, til dømes. Landet samarbeider med Spania og Marokko for å motarbeide menneskesmugling, delvis vellukka. Likevel finst der ein stad mellom 350.000 og 400.000 illegale innvandrarar, og mange av desse prøver helst å kome seg til Storbritannia, der det er lettare å leve illegalt.
I Frankrike bur illegale ofte i det som kallast «junglar», uorganiserte busetnader i skogar og utmark nær byar (såleis på nytt ved Calais, utreinska i 2016), eller også er dei slavearbeidarar. Såleis kan illegale immigrantar vanskeleg fyre opp under sosiale revoltar; vert dei fakka av politiet, vert dei kasta ut. Oppunder 35.000 illegale vert utviste kvart år. For å få busetje seg i landet i kortare eller lengre tid lyt ein prove at ein har midlar til livsopphaldet. Ein treng identitetspapir for å leve normalt i Frankrike, og då lyt ein ha jobb, bankkonto og husvære.
Ifylgje INSEE (fransk SSB) er der no 67,6 millionar innbyggjarar i Frankrike. 5,2 millionar av desse er utlendingar, altså 7,7 prosent. Mellom desse er 800.000 fødde i Frankrike. Det vil seie at 4,5 prosent av dei som no til kvar tid er i Frankrike, altså 6,6 prosent, er fødde i utlandet. 32,3 prosent av desse er fødde i EU, av desse igjen er om lag 12 prosent fødde i Spania og Portugal (dei fleste kom under finanskrisa 2008–2012), medan talet på vaksne fødde i Nord-Afrika har stige ein god del sidan 1990-talet og utgjer no 29 prosent.
Det er ikkje slik enkelte nordmenn trur, at straks ein ser eit fjes med noko mørkare let, så er dette innvandrarar. Frankrike var kolonimakt alt mot slutten av 1600-talet, har framleis 11 fylke i fire verdsdelar (og basar i Antarktis), alle desse har vore franske i mange generasjonar. Dessutan har det vore innvandring frå alle kantar sidan mellomalderen. Alexandre Dumas var svart, hugs det.
Folk frå Algerie, tidlegare fylke etter kolonitida, og Marokko, tidlegare protektorat, fekk under Charles de Gaulle rett til å busetje seg i Frankrike. Det kom under og etter Algeriekrigen flest frå Algerie. Mange frå dei to landa hadde kjempa for Frankrike under andre verdskrigen. Få såkalla «harkiar», franskvenlege, fekk så mykje meir enn medaljar ut av det, men det er mengder av verdskjende franske namn med maghreb-bakgrunn, som altså ættar frå Nord-Afrika.
I all hast vart det bygd bustader til arbeidarar som var sårt tiltrengde for å erstatte falne franske menn under fleire krigar, irekna kolonikrigane. Under industrikrisa i 1970-åra voks det fram sterk sosial misnøye med arbeids- og butilhøve. Sidan har arbeidsløysa minka, men er no på retur, og fransk økonomi sviv noko betre igjen – det hjelper likevel ikkje på tilhøva i gettoane, som det er fleire av enn nokosinne.
Min ven Didier Lapeyronnie (1956–2020) var mellom forskarane som tidleg på 2000-talet åtvara sterkt mot gettoiseringa og den segregeringsprosessen som dermed fylgde. Han vart helst låtteleggjord, men er i ettertid omtala som framsynt. Kva hjelper det når nytilkomne slektningar, især sidan borgarkrigane i Algerie i 1990, meir og meir er stua saman under uverdige tilhøve.
I slike miljø har dette den norske terrorforskaren Petter Nesser kallar «entreprenørar», ulike typar «hjelparar» for radikalisering og muslimsk protest, verka aktivt no i nærare 30 år, og det dei oftast rekrutterer, er ikkje nye innvandrarar. I staden er det vonlause etterkomarar av det som ein gong var innvandrarar, for ganske lenge sidan, for innvandringa på 90-talet no snart tredje generasjon.
I strid med den velkjende ekstremhøgretesen om «den store utskiftinga» vert ikkje Frankrike overfløymd av innvandra muslimar; muslimane er etter offisielle estimat frå 2022 framleis under 6 millionar. Same kven som hevdar det, er det umogleg for desse å ta over landet, især sidan dei aller fleste ikkje har det minste ynske om det. Men nytt tilsig gjer dei utsette gettoane meir utsette. Der lurer provokatørar av alle slag. Islamistiske «entreprenørar», ekstremistar frå ulike kantar og representantar for organisert kriminalitet gjer sitt arbeid for å auke intensiteten i dei tilbakekomande opprøra.
Einfaktorforklåringar strekk heller ikkje her til. Gulvest-opprøret synte at heilt vanlege, bleikfeite bygdefolk, trailersjåførar og butikkekspeditørar har fått nok av eit regime som tek frå dei lokal transport, aukar alle utgifter og minkar sosiale gode. Dei siste revoltane har, ifylgje politiet, fått med seg mange av dette slaget, og mange ungdommar som altså er etterkomarar av fleire generasjonar franskmenn. Det er denne miksen av ungt og gammalt, sentrum og periferi, som møtest i forstadsopprøra, og som breier seg ut i alle retningar.
I nokon grad er det, som eg før har skrive om, openbert at segregeringa aukar når sterkt trengde miljø tek imot folk dei gjerne vil rekne som sine eigne, men som er dømde til å verte vonbrotne. Dermed vert jamt nye konfliktar skapte. Men gamle konfliktar har vorte mogna i 40 år og meir. Det er ikkje innvandrarungdom som har ramponert eller brent ned 254 skular kringom i landet. Det er fransk ungdom, med opphav i alle verdshjørne så vel som i slekter som har budd kringom i Frankrike, især i nord, aust og sør, i tusen år og meir.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»