IQ-måling: ei feilkjelde
INTELLIGENS
I Dag og Tid nr. 1/18 har Jon Hustad ein forvitneleg artikkel om IQ-måling, der han mellom anna fortel at Noreg har verdas lengste testserie: Sidan rett etter fyrste verdskrigen har vi testa alle gutar på sesjon. Endeleg får eg høve til å avsløra ei feilkjelde i desse målingane.
Det har seg slik at for meir enn 70 år sidan var eg gjennom denne testen. Det vil seia: Det var to testar, ein for «allmenn intelligens» og ein for «praktisk». Ein psykolog fortalde oss at testane var konstruerte slik at utdaning skulle ha minst mogleg effekt på resultatet. Kva no det vart, skulle vi ikkje få vita, det var ein militær løyndom, men med ein kompis på kompanikontoret var det lett for meg å få ut tala.
Mi naturlege blygsle forbyr meg å røpa korleis det gjekk på den fyrste prøva. Men no skal det talast ut om den «praktiske». Det var ein støkk: Eg stod klassifisert med 4 av 9 moglege!
Kva i all verda? Eg som hadde vore mellom dei beste i sløydtimane? Vakre skjerebrett og allting?
Så demra det for meg: Då eg hadde kryssa av for dei fyrste spørsmåla i det praktiske, hadde eg funne nøkkelen, trudde eg. Utdaning ingen effekt på resultatet – kyss katta! Eg skreiv på testarket: «Eg viser elles til Magnus Alfsen: Plangeometri for gymnasiet, særleg kapitla om vinklar og sider i trekantar.» Så slutta eg der.
Trass i resultatet på den fyrste prøva hadde eg ikkje forstått at sjølvsagt brukte dei sjablong når dei talde opp resultata. Sjablong med hol som berre synte dei rette svara. Ingen hadde sett min referanse til Alfsen.
I meir enn 70 år har dette 4-talet lege og gnege inni meg. Eit av dei store nederlaga i livet, påført av ein sjablong. Eg har grubla og grubla i lange vakenetter: Korleis hadde det gått meg i livet, om eg hadde fylt ut heile det der arket, om så med hjelp av Alfsen?
For 4-talet gjev meg ikkje rettvise. Det kan eg prova. Eg har vitne på at eg ut frå fleire flate pakkar har henta eit innhald som eg så har skrudd saman til gilde innbustykke. Presis etter bruksrettleiinga til IKEA.
Det må vel halda til minst 8 i praktisk dugleik?
Willy Dahl er norsk forfattar og professor i litteratur
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.
Vasskraftverket Nore I.
Foto: Lise Åserud / NTB
Er fjordane mindre verde enn elvar og vatn?
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.
Foto: Lars Bryngelsson
Diverterande
Engegårdkvartetten syner Mozarts kvartettkunst mellom passiar og pasjon.
Flesteparten av dei danske jødane klarte å flykte til Sverige.
Foto: Ukjend / Nationalmuseet i Danmark
Flesk og smør i byte for danske jødar
Tyskarane trong kjøtleveransar. Var det det som redda dei danske jødane frå konsentrasjonsleirane?
Signe Førres første plate er balkaninspirert.
Foto: Terje Nesthus
Bass i norsk og balkansk landskap
Signe Førre med vener overraskar.