Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Ja, eg er redd!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4200
20180112
4200
20180112

SAMFUNN

Det siste året har eg stadig oftare hugsa tilbake til 1962: Cuba-krisa. Nærare har ikkje verda vore ein atomkrig. Ikkje før og ikkje etter. Ikkje før utover i dette året – 2017. Det har, grunnleggande, tre årsaker.

Den første er Donald Trump. Den 28. september skreiv Dagbladet: «Flertall mener Trump ikke er skikket til å være president.» Her er det tale om amerikanske veljarar. Lag meg nemne at professor og USA-kjenner Ole O. Moen (76), ifølgje VG, også har eit team rundt seg som ikkje held mål. Sjølv har eg merka meg ein del av «tvitringa» hans, og eg nøler ikkje med å kalla han ein tilnærma politisk analfabet. Det amerikanske rettsvesenet er ikkje akkurat kjent for å arbeide raskt, men når det gjeld politikarar, har det ofte vist seg å fungere rimeleg godt. La meg berre nemne Nixon og Watergate. På dette planet er eg optimist. Eg trur at – viss ikkje den store katastrofen skjer – så er Trump ute av «The White House» før fireårsperioden er slutt.

Den andre grunnen er Nord-Korea generelt og spesielt Kim Jong-un, ein omsynslaus, 33 år gamal leiar for det mest isolerte regimet i verda. Ifølgje ei tante har han aldri opplevd ein normal barndom. Det er ikkje akkurat oppløftande. Fleire pressekjelder skriv at Kim Jong-un ikkje akkurat «spyttar» i glaset. Verda, inklusive både Russland og Kina, har vedteke svært harde økonomiske sanksjonar mot regimet i Nord-Korea, utan at det så langt har hatt særleg effekt. «Kim Jong-un er farlig fordi han er ung og uerfaren. Han er hensynsløs, siden han har kommet til makten ved angivelig å henrette 70 av sine kolleger, inkludert sin onkel, og hersker over et svært fattig og isolert land, har mer enn et halvt dusin atomvåpen, og er villig til å sulte ut sin befolkning for å bevare regimet sitt», har professor Michael Nacht ved University of California, Berkeley i USA, uttalt til VG.

Tredje årsaka er at i Midtausten generelt, og i Jerusalem spesielt, møtest tre religionar. Etter mi meining, tre religionar som – historisk sett – har vist at dei i botnen kan vere svært aggressive. Treng eg minne om religionskrigane i Europa etter dei 95 tesane Martin Luther offentleggjorde på kyrkjedøra i Wittenberg i 1517? Treng eg minne om dei nærast uendelege stridane mellom shia- og sunnimuslimar? Jødedomen er ikkje ein misjonerande religion slik både islam og kristendomen er, men særleg etter at Israel i 1948 blei proklamert som ein eigen stat, har jødiske styresmakter vore svært aggressive mot grannane, og særleg palestinarane.

Jødane har blitt forfølgde gjennom tusenvis av år. På 1300-talet fekk dei i mange land, til dømes i fleire tyske statar, skulda for svartedauden. Til saman reknar historikarane med at pestutbrotet kosta på lag 75 millionar menneskeliv i Europa og Asia på 1300-talet. Under 2. verdskrigen prøvde Hitlers nazistiske regime å utrydde jødane i Europa. Historikarane reknar med at rund seks millionar blei skotne, gassa i hel og ...

Dette er så uhyrleg at det ikkje er vanskeleg å forstå at svært mange i Europa og USA meinte – og meiner – at vestmaktene har eit spesielt ansvar for jødane. Noreg hjelpte etter alt å døme Israel til å skaffe seg atomvåpen (tungtvatn frå Hydro). «Israels vener» stod lenge sterkt – blant anna i Stortinget. Før eg rundt 1990 tok eit grunnfag i historie, var eg ein tvilande ven av Israel.

Men, utan å meine at Bibelen utan atterhald fortel ei sanning som er udiskutabel, er det umuleg å godta det moderne Israels okkupasjon av Aust-Jerusalem og Gaza. Eg tek opp att; eg har ikkje gløymt at seks millionar jødar – spedbarn, barn, unge, vaksne, eldre, gamle, oldingar – blei drepne, til dømes i Auschwitz. Vanvittig! Hårreisande! Absolutt utilgjeveleg. Grotesk. Ukultur på sitt absolutt verste! Likevel, å seia at okkupasjonen av Vestbreidda og Aust-Jerusalem er legal, det representerer botnlaus historieløyse. At Trump no ser ut til å ha nytta Bibelen som historisk faktabok, er skremmande.

Eg tek opp att, eg er redd! Ikkje så mykje for meg sjølv. Eg nærmar meg 76, og har etter alt å døme ikkje så mange år att. Men barna mine – og barnebarna. Alle barn og ungdomar i verda – milliardar av menneske med ei framtid.

Eller; kanskje ikkje.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det virtuelle Unesco-museet for stolne kunstobjekt vil vise tredimensjonale modellar av gjenstandar som er skjulte på den illegale kunstmarknaden.

Illustrasjon: Kéré Architecture

Samfunn

Der krim møter kunst

Kulturskattar av uante verdiar er stolne og fjerna frå samfunna dei høyrer heime i. I løpet av året vil vi kunne sjå ein del av dei, i eit nytt virtuelt museum for stolne kulturminne.

Christiane Jordheim Larsen

Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.

Foto: Eivind Senneset

BokMeldingar
Odd W. Surén

Dei førehandsdømde og samfunnet

Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.

Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.

Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB

Ordskifte
Thomas Mo Willig

Fotball og laksediplomati

Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.

Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.

Foto: Michal Walusza / Fide

KommentarSamfunn
Atle Grønn

Ingen vaksne heime

Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.

Ein kosmetisk klinikk i Miami i USA reklamerer for såkalla BBL-behandling, der filler blir injisert i rumpa.

Foto: Ellis Rua / AP / NTB

HelseSamfunn

Ein bransje full av skrukkar

2025 blir eit rekordår – også for fiksing av fjes. Noreg er eit av få land i verda der styresmaktene ikkje bryr seg med kven som injiserer kva.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis