Kan nynorsken ha visjonar?
NYNORSK
I nummer 19/17 av bladet Utdanning uttala Mållagsleiar Magne Aasbrenn seg om statsbudsjettet. «Saknar visjonar for nynorsken», seier han: «Mållaget ønskte seg ein million i auka løyving for nynorsken.»
Fyrste desember uttalar ogso redaktøren i Dag og Tid seg. Han etterlyser «ny språkmelding» og gjev med tal opplysningar som ikkje er opplyftande for nynorsken. «For heile landet er talet 12 prosent nynorskelevar», skriv han.
Med heile rapporten framføre meg kan eg leggja til at Vestlandet held stand, med Sogn og Fjordane som ein suveren einar: 98 prosent! Men seks fylke har ikkje ein einaste nynorskelev i grunnskulen, og fire andre fylke har til saman 19. I vidaregåande skule har alle fylke nynorskelevar, men i 11 av fylka er det til saman berre 60 elevar. Prosenten for vidaregåande i heile landet er 6,2.
Med desse tala i minnet kan ein spørja: Kva voner og visjonar kan ein ha for nynorsken?
Redaktøren i Dag og Tid seier om skiftet til bokmål i vidaregåande: «eit slikt skifte kan motverkast om ein får auka byrgskap for nynorsken blant unge nynorskbrukarar.» Ja, men korleis skal ein få til det?
Skal ein kunna verta byrg av eit språk, må det ha ålmenn respekt, og ein må kunna det godt. Då vert ein glad i å uttrykkja seg på det. Dette gjeld særleg for nynorsk, fordi det har ein særmerkt dåm. Kjensle for denne dåmen kan du berre få av å lesa god nynorsk.
Ivar Aasen heldt det for viktig at det som vart skrive på «Landsmaal», måtte vera gjennomførd etter hans system. Dei som til dømes blanda inn dialekt, kalla han «Fuskere», og språket deira «Herkemaal»! I kvasse ordelag sa han i 1971 opp eit nytt blad, Andvake, fordi språket ikkje heldt mål.
Då kan ein spørja: Er nynorsken, slik han vert skriven i dag, gode førebilete? Eg er spent kvar gong eg byrjar lesa ein nynorsk artikkel av ein ukjend forfattar. Det byd som oftast på overraskingar. Det som kjenneteiknar mykje nynorsk, er feil og/eller inkonsekvent bøying av verb og substantiv, og ordvalet er inkonsekvent. Ein blandar bokmålsformer med nynorske. Då er stilen og dåmen øydelagd. Eg har døme nok til ei heil bok.
Noko som elles svekkjer den nynorske dåmen, er konsekvent e-infinitiv, som dei fleste fær opplæring i og skriv no, ogso folk frå Rogaland og andre typisk a-infinitiv-strok. Og dei som har målføre med kløyvd infinitiv, skriv vere og lese osv. Det smakar bokmål av slik nynorsk.
Det som i utgangspunktet gjorde folk glade i Ivar Aasens «Landsmaal», var dikta hans, og salmane til Elias Blix. Desse vil alltid vera kjær poesi. Det same gjeld dikta åt Olav H. Hauge. Om ein ikkje heilt fylgjer deira norm, kan ein skriva nynorsk som ikkje skjemmest av former som øydelegg stilen med ord som vert falske tonar i «melodien». «Det viktigaste er å halda språket reint», sa Olav H.Hauge.
Det einaste som kan gjeva von for nynorsken, er å satsa på språkleg kvalitet. Då treng ein halda seg til ei anna norm enn den offisielle, og flest mogeleg må leggja seg etter å «læra» seg nynorsk. Nynorsk ordliste – Tradisjonell og einskapleg norm vil då vera til god hjelp.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.
Foto: Anne Valeur
Fugl føniks
Hayden Powell har brukt ventetida godt.
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.